Avtroppande og påtroppande medlemmer i forstandarskapet i Evje og Hornnes Sparebank fotografert under forstandarskapsmøtet for nokre dagar sidan. Bak frå venstre: Solveig Kallhovd, Alf Pettersen, Line Birkeland, Ted Haugen, Bente Rasmussen, Thomas Undeland, Rune Thorsen, Terje Uleberg, Pål Aas og Egil Kjebekk. Framme frå venstre: Torbjørn Bjoraa, Irene Holene, Unni Abusdal, Bente Lantz, Britt Ingrid Andersen, Gudrun Salvesen, Debbie Abusland, Eivind Odd Kallhovd og Heidi Ose-Madsen.

– Banken er så sentral i bygda

– Den største utfordringa for Evje og Hornnes Sparebank er at banken er liten. Det er krevjande med stadige krav og pålegg frå nasjonale styresmakter. Det krev at personell og kompetanse må vere på plass i eit samfunn som stadig forandrar, seg seier Arnt Steven Ropstad som er forholdsvis ny styreleiar i banken.

– Då er det godt å sjå at ein har tilsette som står på og brenn for banken, seier han og gler seg over at banken stadig framstår solid med lite tap.

– I dag er det sterkt fokus på risiko, og ein liten bank nær kundane har kanskje lettare for å vurdere risiko, seier banksjef Knut Kjetil Møen. Han trur nærleik til lokalsamfunnet og kundane er ein fordel med tanke på å skape tillit begge vegar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På den måten kan banken vere med på å få til noko som ein elles kanskje ikkje hadde greidd å realisere, seier han.

Rause gåver

Den solide sparebanken i Evje og Hornnes vedtok på forstandarskapsmøtet nyleg å dele ut 400.000 kroner til lag og foreningar etter søknader. Dei fleste har fått det dei bad om.

I tillegg vart det vedteke å yte eit tilskot på ein halv million kroner til nybygget som det er planar om ved Evje kyrkje. Det er også sett av 300.000 kroner som styret kan disponere gjennom året.

Til saman vedtok forstandarskapet samla utdelingar på 1,2 mill. kroner.

I tillegg til dette kjem faste sponsorutteljingar til løypekøyring på Fjælestad f.eks., ei viss sponsing av langrennsløparen Sondre Ramse og ikkje minst Otra IL som får over 400.000 kroner i året frå banken som hovudsponsor.

Det nye styret i Evje og Hornnes Sparebak. Frå venstre: Styreleiar Arnt Steven Ropstad, avtroppande nestleiar Grethe Ueland Hunshamar, påtroppande styremedlem Debbie Abusland, styremedlem Dag Yngve Aasen og dei tilsette sin representant i styret Else Norunn Greibesland. Siv Therese Kile Lie var ikkje til stades då biletet blei tatt, men ho er styremedlem og nyvald nestleiar.

Avdeling i Vennesla

Banken toler godt å vere raus, for overskotet i fjor var på rundt 31 mill. kroner, men då er avkastninga av verdipapir teken med. Utan den er driftsresultatet 16,4 mill. Likevel er banken stadig avhengig av å ha ein viss vekst. Det er noko av grunnen til at det også er oppretta avdelingskontor i Vennesla.

Ny styreleiar

– Eg har blitt positivt overraska over å sjå kor viktig rolle sparebanken spelar i lokalsamfunnet, seier Arnt Steven Ropstad som frå september i fjor har vore ny styreleiar i Evje og Hornnes Sparebank.

Administrerande banksjef Knut Kjetil Møen (t.v.) og den nye styreleiaren, Arnt Steven Ropstad fotografert under forstandarskapsmøtet for nokre dagar sidan.

Det er mange år sidan han opna rekneskapskontor like ved hovudporten på Evjemoen. Sidan har han vore i det internasjonale rådgjevvings- og revisjonsselskapet BDO med Kristiansand og Mandal som arbeidsplass, men frå 2014 har han vore dagleg leiar i Lunden regnskap i Vennesla. Dette selskapet har også avdelingskontor på Evje og på Hovden, men det meste av kundemassen har han i Vennesla, Evje og i Kristiansand. Då han i fjor haust vart ny styreleiar i Evje og Hornnes Sparebank, overtok han dette vervet etter rekneskapsveteranen Kjell Fauske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har mykje å lære i denne funksjonen, men det er også mykje gøy. Det er alltid interessant å sjå korleis ein kan løyse utfordringar som dukkar opp, seier Ropstad.