Barnehagelærer Jesper Thielcke med god kontroll på flytande barnehageborn i våtdrakt i Bykle. (Foto: Bykle kommune)

Barnehageborna med våtdrakt

Med midlar frå Statsforvaltaren i Agder har barnehagane i Bykle kjøpt inn våtdrakter og borna får lære seg å bli trygge i og ved vatnet. Symjebassenget er nå bytta ut med Storetjønn i Bykle.

Midlar til tidleg symjeopplæring er brukt til å skaffe våtdrakter. Badesesongen ute er dermed utvida til mykje lenger enn berre sommaren.

–Me har drive med vassopplæring i symjehallane sidan hausten 2018, men det blir sjølvsagt noko heilt anna å halde på ute. Meir realistisk, og utan tvil moro, seier barnehagelærar Jesper Thielkcke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier at det å også bli vant med ulikt vêr, aukar læringa når ungane skal bli trygge i vatnet.

Trening på livredning

Ungane har fått oppleve tryggleik i vatn, men også trening på livredning med line, livbøye og stong. Prosjektet blir endå meir aktuelt og viktig etter at Redningsselskapet har starta programmet ”RS Trygg i vann”, fordi alt for mange unge ikkje har blitt trygge i vatn endå.

Opplæringsprogrammet til Redningsselskapet er for eldre skuleelevar, men prosjektet i Bykle som alle barnehagane er med på, er eit viktig tiltak i denne samanhengen. Dei får ein tidleg start på treninga.