Tellef Inge Mørland vil gje tverrpolitisk signal i Stortinget om at riksveg 9 skal vidareførast.
Tellef Inge Mørland vil gje tverrpolitisk signal i Stortinget om at riksveg 9 skal vidareførast.

Ber Stortinget gje signal om riksveg 9

-Arbeidet på strekningen Besteland - Helle blir sett i gang i 2019, under forutsetning av godkjent reguleringsplan og lokal finansiering for 2019.Dette er hovudpunktet i komitemerknaden frå Arbeidarpartiet i Stortingets transport- og kommunikasjonskomitè.

Merknaden blir lagt fram for dei andre partia i dag, men blir ikkje handsama i Stortinget før om ei veke.

-Eg håper at dei andre lokale stortingsrepresentantane vil jobbe for at deira parti også kan støtte dette forslaget. Dette har trass i alt vore ei sak som me har stått saman om lokalt på tvers av partigrensene, seier Arbeidarpartiet sin stortingsrepresentant i Aust-Agder, Tellef Inge Mørland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig klarsignal

Han meiner at eit klarsignal for å starte opp med Besteland – Helle vil bety mykje for ei samanhengande utbygging av Rv9. 

-Samtidig gir det Statens Vegvesen eit klart signal om å gjere klart anbodet for denne strekninga, og at prosjektorganisasjonen som Vegvesenet har i tilknytning til utbygginga, ikkje skal takast ned. 

-For neste år vil dei økonomiske kostnadene ved prosjektet vere små, og slik forslaget nå ligg kan ein bruke av lokale midlar for 2019. Dermed treng ein ikkje å finne statlege midlar før i 2020, seier Mørland.