Besøksforbod på Byglandsheimen

I Bygland er det i tillegg til å stenge skulen og symjehallen pluss ein del frivillige aktivitetar også innført besøksforbod ved Byglandsheimen i samråd med kommuneoverlege.

Dette gjeld førebels fram til sundag 15.3, og skuldast at ein avventar prøvesvar for dei som er sett i heimekarantene

-Me set stor pris på alle dykk som ønskjer å besøkje dei som bur på Byglandsheimen, men me ber om forståing for at situasjonen no er såpass uavklart at me ønskjer å skjerme bebuarane våre best mogleg, skriv kommunen på heimesida si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der blir det igjen minna om kor viktig det er med god handhygiene, både for å beskytte deg sjølv og dine næraste.