Skogbruksleiar for AT Skog i Setesdal, Espen Myhre fotografert på veg oppover Setesdal i går. Han seier skogbruket har lagt bak seg eit godt år i 2021, og at dei gode tidene held fram i 2022.

Blir hogge mykje i Setesdal

Med høge tømmerprisar vart det hogd mykje tømmer i Bygland og Evje og Hornnes i fjor. I år er det planlagt store drifter lengre opp i dalen.

Skogbruksleiar for AT Skog i Setesdal, Espen Myhre seier dei har lagt bak seg eit godt år i 2021, og at dei gode tidene held fram i 2022.

–Tømmerprisen er god, og då særleg på sagtømmer. Slip-prisen er også på veg oppover. Det har ført til god aktivitet i Bygland og Evje og Hornnes i fjor, men mindre i Valle og Bykle. Samtidig er det nå lagt opp til større drifter der utover året i 2022, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var god aktivitet i skogbruket både i Bygland og Evje og Hornnes i fjor, men noko mindre i Valle og Bykle. -No er det likevel lagt opp til større drifter lengre oppover i dalen utover året i 2022, seier skogbruksleiar Espen Myhre i A Skog.

Historisk høg pris

Skogbruksleiaren fortel at prisen er nærast historisk høg. Han oppmodar difor så sterkt han kan skogeigarar i dalen om å hogge.

-Særleg gamal granskog er lurt å hogge no. Det er ikkje noko god butikk i å la den stå og bli altfor gamal, held han fram.

God tilgang på tømmer

Dagleg leiar ved Byglandsfjord sag, Per Arne Teslo seier tala frå 2021 ikkje er klare enno, men at ein kan seie at det var eit av dei betre åra.

-Det har vore bra tilgang på tømmer, og ein prøver å utnytte den gode prissituasjonen fullt ut. Det er full produksjon ved sagbruket, og me tar unna det me kan, seier han.

Teslo seier det ser bra ut også for inneverande år, men at det er ein usikker bransje, også avhengig av svingningar i den internasjonale tømmermarknaden.

-Det er venta ein liten prisauke på trelast 1. april etter at den gjekk litt ned sist. Marknaden i Europa og USA er også usikker, mellom anna fordi Russland har stoppa sin tømmerseksport, seier Teslo.

-Norske sagbruk slit i dag med å proprodusere nok til den norske marknaden. Difor vil eg tru at alle sagbruk her i landet går godt om dagen, legg han til.