Erik Kjebekk med den nye boka og nytt årsskrift av "Arnstein"
Erik Kjebekk med den nye boka og nytt årsskrift av "Arnstein"

Bok etter Mogstad - og nytt ”Arnstein”

Seinhaustes 2014 døydde den pensjonerte veterinæren Oddmund Mogstad på Evje. Det var ein mann som hadde sett varige spor etter seg, ikkje minst i det lokale sogelagsarbeidet. No har Evje og Hornnes sogelag gitt ut boka ”Lokalhistoriske perler”. Innhaldet er i hovudsak henta frå Mogstad sine førehandsomtalar her i avisa om vandreturar i skog og mark.

Ofte var det lokalhistoriske mål for desse turane. I tillegg til fysisk fostring fekk deltakarane med seg opplevinga av å bli kjende med gamle buplassar eller ferdselsvegar frå eldre tider. For at opplevinga skulle bli så stor som råd var, hadde Mogstad alltid sett seg inn i historia om stadene som skulle vere målet for turane. Dette gav han grundig utgreiing om i Setesdølen på førehand.

Kulturhistorisk verdi

-Styret i sogelaget meinte at desse omtalane hadde så stor kulturhistor-

Artikkelen held fram under annonsen.

isk verdi at dei burde samlast mellom to permar, seier leiaren Erik Kjebekk. Kombinert med mange flotte bilete som deltakarane på desse turane har teke, har formgjevaren Jostein Vassbø laga ei praktbok av oppdraget han fekk. Det har blitt ein hyllest til Oddmund Mogstad, men først og fremst eit interessant verk om bortgøymde stader, gamle sambindingsvegar den gongen trafikken ofte gjekk over heiane, og og mykje anna som står i fare for å gå i gløymeboka.

Gode kart viser turane

I tillegg til omtalen av vandreturane som gjerne vart skipa til eit par gonger kvar sommar, er boka forsynt med kart lasta ned frå Statens Kartverk, men der også dei aktuelle rutene er stipla inn. Alf Georg Kjetså har også denne gongen levert fleire bilete enn dei fleste, og Kåre Hodne har lagt ned mykje innsats i innsamling og arbeid med å ordne stoffet. Erik Kjebekk har skrive ein grundig omtale av Oddmund Mogstad som kom frå Vangsgutane sitt rike i Surnadal, men vart gift med Eli Andersen frå Evje. Her og andre stader i landet var han dyrlege, men også uvanleg interessert i lokalhistorie.

-Det var knapt nokon andre som kjende heievegane, bytesteinane, støylsbuene og likkvilene på heia like godt som Oddmund Mogstad, seier Erik Kjebekk.

I aust og vest

Både Oddmund og kona Eli gjekk mykje i skog og mark, men han la også mykje arbeid i å skaffe seg innsikt i historia der han vanka. Frå Brenne mot Tovdal i aust til Beinsvatn og Ånebjør i vest arrangerte han turar. Oftast var det likevel innanfor Evje og Hornnes kommune sine grenser, men det hende altså at turane gjekk både til Bygland, Åmli eller til Hægeland og Mykland.

Oddmund Mogstad var så historieinteressert at han i godt vaksen alder tok universitetseksamenar for å perfeksjonere seg. Han skreiv også vitskaplege artiklar, men det er ik-kje teke med i den nye boka. Der er det i staden lagt vekt på popularisering av historia frå nærområdet.

Stor interesse for lokalhistorie

Den store oppslutninga om sogelaget sine arrangement i Evje og Hornnes viser at det er brei interesse for slikt stoff. Difor er det god grunn til å tru at det er mange som vil ha stor glede av den nye boka som er lagt ut for salg både på bokhandelen Norli på Evje, i Joker Hornnes og SPAR-butikken på Verksmoen. I tillegg er boka å få kjøpt i Servicetorget i kommunen på Evjemoen.