Høg kjendisfaktor på bokhandelen Norli Evje onsdag i førre veka. Frå venstre Terje Svabø, dagleg leiar på bokhandelen Solveig Eiken, hoppsjef Clas Brede Bråthen og Astrid Versto som saman med ektemann Terje Svabø har skrive boka Hoppsjel. Det er ein biografi om den genuine hoppentusiasten Clas Brede Bråthen som sjølv var aktiv i idretten, men etter kvart også vart øvste leiaren i den tradisjonsrike sportsgreina.

Boklansering om konflikten i skiforbundet: Hoppsjefen på Evje dagen etter

Dagen etter at sluttstrek var sett i den langvarige konflikten mellom hoppsjef Clas Brede Bråthen og leiinga i Skiforbundet, var han på Evje for å signere biografien som Astrid Versto og Terje Svabø har laga om han.

Då hadde hoppsjefen fått tilbake si gamle stilling, og som han sjølv sa det under boklanseringa på Evje:

– Me som lever med og for hoppsporten er sannsynlegvis best skikka til å drive dette arbeidet framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den nye boka får ein også ein grundig gjennomgang av konflikten. Inntrykket der er at Erik Røste og leiinga i Skiforbundet kjende seg best kvalifisert til også å ta seg av hoppsporten. Difor ville dei sparke hoppsjefen som no har fått jobben sin tilbake og nye samarbeidspartnarar fordi fleire i den gamle leiinga i skiforbundet er skifta ut.

Kostbar konflikt

– Konflikten som har gått over fleire år, har vore krevjande for sporten, men også kosta eit tosifra millionbeløp. Det er vondt å tenke på når ein veit kor mykje frivillig innsats som ligg bak resultata i denne idretten, seier Clas Brede Bråthen. Boka omtalar eit miljø og ein kultur som har lange tradisjonar her i landet, men som vart utsett for eit angrep som dei altså greidde å stå imot. Både aktive og trenarar reiste seg og kravde å få hoppsjefen tilbake.

Om bakgrunnen for at det blei nettopp ekteparet Astrid Versto og Terje Svabø som skreiv boka om denne konflikten seier Astrid Versto:

På hoppseminar

– I arbeidet mitt som diplomat og ambassadør i Kroatia komme i kontakt med hoppmiljøet på seminar i både Kulm og Planica, stader kjende for skiflygingsbakkane sine. Då lærde me mykje om deira måte for å gjere kvarandre gode. Det var starten. Etter kvart fanga også den meiningslause konflikten i Skiforbundet interessa vår. Dermed vart det boka både om konfliktar og dei mange flotte opplevingane som både me og andre har hatt takka vere denne idretten, seier ho.

Norsk opphav

I følgje forfattaren Thor Gotaas er hopp den einaste idrettsgreina med norsk opphav frå Morgedal. Clas Brede Bråthen er då også oppteken av at hoppsporten skal utvikle seg i heile landet. På Sørlandet har det ikkje vore framståande hopparar etter Ole Tom Nord frå Øyslebø som vart noregsmeister i 1960.

Han er pensjonert skulepsykolog i Ål i Hallingdal, men stadig i kontakt med den norske hoppsjefen.

Framtida her sør

Etter boklanseringa på bokhandelen Norli Evje drog hoppsjefen til Arendal på møte om framtida for hoppsporten i landsdelen vår.

– Her har ein fleire heilårs hoppanlegg både i Brattåsen, Sandrip, Evje og Klappane, og snart i Vegårshei. Mange nasjonar som me konkurrerer med er ikkje så godt utstyrte, men frå forbundet må me stimulere endå betre for å finne gode driftsløysingar. Med plastbakkar er det nesten eit problem når snøen kjem. Før var det hoppsesong frå januar til mars, men no er det mest heile året, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Boka ”Hoppsjel” om hoppsjef Clas Brede Bråthen som Astrid Versto og ektemann Terje Svabø har gitt ut på Fanaticus forlag.