Bør teste elevar og tilsette før skulestart

Smitten auka mange stader i desember, og særleg før jul vart situasjonen uviss for mange. I Valle har det blitt registrert over 30 smittetilfelle sidan 6. desember. For å unngå smittespreiing tilrår helsemyndigheitene at alle elevar og tilsette tar ein sjølvtest før skulestart.

Hurtigtestane skal gjere at ein kanskje unngår smitteoppblomstring slik mange stader opplevde etter sommarferien.

Valle har tidlegare under pandemien klart å halde smitten nede, men både førjulstida og romjula vart ei travel tid for smittesporingsteamet i kommunen. Mange vart isolerte og sett i karantene. På måndag vart det meldt om totalt 10 nye smittetilfelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Evje og Hornnes sit 11 personar i isolasjon etter påvist smitte rett før jul, og smitta nærkontaktar i romjula. I Bygland er ein person isolert, og tre sit i karantene. I Bykle sit sju personar isolerte etter å ha fått påvist smitte. Også Åseral har fått påvist fleire smittetilfelle frå 14. desember. Vaksinasjonen har gått sin gang i romjula, og mange av dei mellom 45 og 65 år har fått sin tredje dose av koronavaksinen.