Pontus Lexberg (t.v.) saman med Trym Olaus Erdvig, Felix Lexberg, Aksel Haugland, Måns Lexberg og Aksel Bjørndal Røynås i ein saftpause mellom ishockeyomgangane på skøytebanen på Evje. Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd

Borna flokka til open skøytebane

Store og små tørka støv av skøytene, og brukte helga til både ishockey og leik på isen i strålande sol. Skøytebanen på Evje opna for aktivitet på fredag.

Mange var innom skøytebanen med ein gong han opna på fredag, men også resten av helga var det full fart og ishockeykampar for store og små på isen. Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd

Lett som fjør suste borna på hockeyskøyter mellom dei to måla på skøytebanen i Evje sentrum i strålande desembersol. Dei to vaksne på isen, Pontus Lexberg og Margrethe Roel Omland prøvde å halde tritt med den yngre garde som jakta ishockeypucken med den største iver.

Kaya Wdovak (t.v.) og Andrea Sofie Nilsen Irslinger er trygge på isen, og synest det var moro å bruke dagen på skøytebanen. Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd

Borna såg ut til å kjenne på både konkurranseinstinkt og begeistring over å endeleg kunne bruke fridagar med skøytene på. Dei unge ishockeyspelarane hadde kun tid til ein kjapp saftpause og ein liten prat med Setesdølen, før skøyteblada igjen klappa mot isen.