Dei minna folk om å skifte batteri på røykvarslaren, frå venstre: Kjartan Nicolaysen, Kristoffer Berge, Sondre Skjeggedal, Martine Gjøs og Ole Jakob Haugen på stand med bålpanne i Evje sentrum.

Brannvesenet med viktig påminning i førjulstida

Det er stadig aktivitet og marknadsstemning i Evje sentrum i førjulstida. Sist fredag var Setesdal brannvesen å finne ved handelsbuene. Dei stilte med eige telt og bålpanne og baud på konkurransar og smågodt for å minne om at folk som ikkje hadde skifta batteri på brannvarslarane 1. desember om at dei burde gjere det så snart som råd er etterpå.