Brokke-Suleskard opnar for sesongen

Fylkesveg 450 Brokke-Suleskard opnar til laurdag, 21. mai kl. 12.

I år er det mindre snø enn normalt i fjellet, så Agder fylkeskommune reknar med at vegen blir opna laurdag 21. mai som planlagd. 12. mai er første dagen det er lov å brøyte i verneområdet for villreinstamma i Setesdal vesthei. Fram til den datoen skal det ikkje arbeidast med brøyting eller annan aktivitet av omsyn til villreinen.

Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde har som eit av hovudformåla å ta vare på den sørlegaste villreinstammen i Europa, og at Brokke-Suleskard-vegen skal vere stengt mellom 1. november og 20. mai.