Brokke-Suleskarvegen mellom Valle og Sirdal skulle ha opna onsdag 20. mai.

Brokke-Suleskarvegen opnar tidlegast i neste veke

Brokke-Suleskarvegen mellom Valle og Sirdal skulle ha opna onsdag 20. mai. Opninga er utsett, og no er det klart at det blir ikkje noko trafikk på fylkesvegen før tidlegast i løpet av neste veke.

– Det er svært hard snø, og jamnt over mykje av han. Me har tre fresar og gravemaskin i sving, men det tar tid, seier Pål Arnfinn Haugen i Statens vegvesen.

Det skal framleis vere minst fem kilometer veg att å frese opp.

Nattefrost

Veret har på ingen måte spelt på lag med brøytemannskapa. Med nattefrost held snøen seg hard, og mykje vind har ført til at lange strekningar som har vore freste opp har blitt fulle av snø på ny.

– Me kan ikkje i dag gje noko opningsdato, men har tru på at det blir i neste veke. No er det meldt mildare ver, så viss det slår til er det god hjelp, seier Haugen.