Bygdekoret i Evje og Hornnes er klare for stor jubileumskonsert og garanterer god stemning under «Full fres i 40 år!». Foto: Geir Daasvatn

Bygdekoret – «Full fres i førti år!»

Evje og Hornnes bygdekor feirar 40-årsdagen sin med stor jubileumskonsert på Evjemoen kino laurdag 28. oktober.

Konserten går under slagordet «Full fres i 40 år!». Det borgar for at det framleis er mykje futt og stor songglede i koret, etter alle desse åra.

Koret har førebudd seg til den store kvelden i heile haust. Eit stort knippe songar er øvd inn. Kvar torsdag kveld har dei samla seg til øving på Furuly. Det er eit variert og spennande repertoar med rock, visesong, balladar og mange andre sjangrar som nå tek form. Til konserten kan me håpe at alt sit som eit skudd!

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje øving og planlegging

Alt det praktiske tek ein jubileumskomité seg av. Dei har jobba intenst over lengre tid for å få på plass alt det som må klaffe for at kvelden skal bli så triveleg og oppløftande som mogeleg for alle.

Dei lokale musikarane Tom Håkon Andersen (gitar), Eskil Høgetveit (bass) og Tor Olsen (trommer) er husband for kvelden. Anders Robstad kjem opp frå Vennesla med trompeten sin. Finn Håkon Borgi er henta inn frå Bygland for å styre lyden og ljoset. Alle desse er svært dyktige på sine felt, og vil vere med å heve opplevinga til store høgder.

Konserten er bare mogeleg å få til med hjelp av gode støttespelarar. Evje og Hornnes Sparebank, Evje og Hornnes kommune og Sparebanken Sør har alle støtta prosjektet på ulike vis. Ei rekke annonsørar i programmet er også viktige bidragsytarar for å få økonomien i det svære arrangementet til å gå i hop.

Starta på Gymnaset i 1983

Bygdekoret kom i gang vinteren 1983, etter eit initiativ frå Leikstyret i Gammeldansen på Evje. Organist Kristen Bjorå sa seg viljug til å leie koret, og blei såleis den aller første dirigenten. Kristen kjem tilbake til Evje for å vere med på jubileumskonserten. Han er i dag busett i Oslo.

Dirigent og kunstnarisk leiar for koret sidan 2008 er Oxana Emmelkamp. Ho gjer eit framifrå arbeid for å løfte lokale songarar som syng for moro skuld opp til eit bra nivå.

Førehandssal av billettar

Billettar til jubileumskonserten kan kjøpast på Norli Evje, Randi Salong og Verkstedet i Dåsnes. Det er også billettsal i døra før konserten. Prisen er 150 kroner. Det blir ein liten pause i konserten. Koret spanderer kaffi og kake.

Heile den fine gjengen i Bygdekoret gledar seg veldig til den store kvelden. Dei vonar at mange bygdefolk vil vere med og feire 40-årsdagen på kinoen.

Geir Daasvatn