Frå venstre Tom Åge Repstad, Tor Espen Helle og avdelingsleiar Richard T. Nomeland framom hallen på byggforretninga i Valle der det etter kvart blir både butikk og nyopprusta lager.

Byggjer om byggforretninga

Byggforretninga i Valle skal byggjast om, og både butikk og lager skal etter kvart plasserast i den store hallen i vestenden av eigedomen.

Odde sagbruk skal investere kring ein halv mill. i ombyggjinga.

– I den store hallen skal me sette opp ein vegg og slik dele hallen i to. I den eine delen skal me ha varmlager, der det blir rom for alt frå listverk til sement. I den andre delen blir det kaldlager, seier avdelingsleiar Richard T. Nomeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil flytte butikken

Så er det altså slik at etter kvart kan også butikkutsalet i byggforretninga bli flytta til den store hallen.

– Det blir ikkje det første grepet, men noko me skal få på plass etter kvart. Då får me komprimert oss, og frigjer dessutan bygget butikken ligg i no, seier Nomeland.

Dei tilsette gjer jobben

Det er ikkje hyra inn noko snikkarfirma til prosjektet, dei tilsette tar seg av det meste på eiga hand.

– Akkurat i januar og februar er det litt stille uansett, så det passar greitt no. Så må me også førebu oss på våren, for me trur det blir eit himla køyr då. Tilbakemeldingar frå snikarar er at dei alt no må takke nei til oppdrag med tanke på sommaren. Det er ein veldig aktivitet, og mange har planar om hytte i Brokke eller på Hovden. Fjoråret vart bra trass i korona, me trur 2022 blir endå betre, seier Nomeland.

Kva tid ombyggjinga i Odde sagbruk avdeling Valle er fullført er noko uvisst, men arbeidet har kome godt i gang.