DESTILLERI: Gamle bygg får nytt liv på Brokkestøylen som skal starte brennevinsproduksjon til hausten.

Byggjer whisky og gin-destilleri i Brokke

Brokkestøylen utvidar med destilleri som skal produsere høglandswhisky og Gama-Gin. – Draumen er å lage brennevin på lokale eiketønner, seier Erik Berglihn.

Brokkestøylen har vunne pris i eit engelsk reisemagasin og set for tida opp to nye, gamle laftebygg som skal brukast som destilleri for gin og whisky.

Erik Berglihn i Norstill AS seier planen er at brennevinsproduksjonen skal starte til hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har gjort ferdig Brokkestøylen, som har blitt ein fin stad for mat og overnatting. Så vårt neste prosjekt som me er godt i gang med, er å sette opp to laftebygg som skal fungere som destilleri. Det er ei gamal løe som har stått i Brokke og eit byhus frå Bø, seier han.

Tredobla omsetning

Dette er neste steg for å gjere Brokke til ein reisedestinasjon.

– Det er eit ønske om å bidra til at Brokke blir ein destinasjon og er eit samarbeid med Brokke eigedom og andre investorar. Målet er å skape aktivitet og fleire arbeidsplassar, seier han.

Fjoråret gjekk også bra på Brokkestøylen.

– Mange har prøvd seg på Brokkestøylen uten å gå i pluss, og det har vore hyggelig for kundane. I fjor opplevde me ei tredobling i omsetning og det viste at både hyttefolk og forbireisande har sett pris på tilbodet, seier Berglihn.

BLEST: Brokkestøylen fekk pris og god omtale i eit britisk reiselivsmagasin nyleg.

Vann pris

Brokkestøylen vann også pris i det britiske reiselivstidskriftet Lux Life Magazine. Der vart dei kåra til årets hotell og restaurant i Sør-Noreg.

Dei er opptekne av å ta i bruk lokale råvarer i størst mogleg grad, og ta vare på kultur og tradisjon i produktutviklinga.

– Draumen er på sikt å lagre whisky på eikefat laga med tømmer frå Bygland. Me har vore i kontakt med Rysstad laftebygg om tradisjonen med å lage tønner, som det ikkje er så mange i i Noreg som driv med. Me ynskjer også å samarbeide med Bygland Bryggeri som brukar kveik i sin produksjon. Det er også ein draum å få bruke lokalt dyrka bygg og havre frå Valle, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høglands-whisky

Whisky skal lagrast lenge før det kan drikkast, og minimum tre år og ein dag. Gin er det litt kortare lagringstid, og kan vere klart i løpet av eit par månader.

– Eg har reist mykje til Skottland og Nederland dei siste åra, og har fått tittel som master destiller. Målet er å lage eit produkt med lokalt særpreg og tradisjon. I tillegg vil me vere det høgaste destilleriet her i fjellheimen, så då kan me lage highland whisky, seier Berglihn.