Bykle-rådmann Frantz A. Nilsen minner sentrale politikarar om kva kraftkommunane har ofra.
Bykle-rådmann Frantz A. Nilsen minner sentrale politikarar om kva kraftkommunane har ofra.

Bykle ber storsamfunnet betale

- Bykle kommune forutset at storting og regjering er truverdige og følgjer opp vedtak og forutsetningar som låg til grunn, både lokalt og nasjonalt, i samband med konsesjonshandsamingane av dei store kraftutbyggingane.

Det er rådmannen i Bykle, Frantz A. Nilsen som skriv dette i kommunentarane til budsjettframlegget for neste år. Politikarane er godt i gang med behandlingsprosessen.

Rådmannen viser m.a. til at realverdien av kommunen sine mottekne og pårekna skattar og avgifter er rekna å vere reduserte med ca. 50 mill. kr. i året for perioden 2008 - 2022.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den samanhengen minner han om at sjølv om Bykle har hatt god økonomi frå slutten av 80-talet takka vere kraftutbygginga, så har også utbygginga hatt sin pris. Han nemner det fråflutte grendesamfunnet Nordbygdi som døme på nettopp dette.

Rådmannen meiner at ein der ser dei dilemma lokale politikarar fort står overfor. Før var det eit levande bygdelag med eigen skule og forsamlingshus. No er det ei rasera og fråflytta grend.

Tenke globalt, øydelegge lokalt

Tenke globalt, handle lokalt, heiter det gjerne. Rådmannen i Bykle minner om at i dei komande åra blir både kommune- og storsamfunn stilte overfor nye utfordringar. Eksempelvis ved effektkøyring av kraftverk. Skal klima gå føre miljø, eller kan ein løyse både og.

Bykle-rådmann Frantz A. Nilsen minner sentrale politikarar om kva kraftkommunane har ofra.
Bykle-rådmann Frantz A. Nilsen minner sentrale politikarar om kva kraftkommunane har ofra.

-Eller vert det, tenke globalt, øydelegge lokalt, som rådmannen skriv.

Utbyggingane i Bykle har gitt lokalsamfunnet store menneskelege og materielle belastningar.

-Det er viktig å få fram samanhengane mellom den prisen som lokalsamfunnet har betalt, og den rettmessige godtgjeringa i form av skattar og avgifter som kjem ut i andre enden av desse utbyggingane, og som er eit avgjerande grunnlag for ei vidare drift og utvikling av Bykle-samfunnet, skriv rådmannen.

Inntektsrammene

Han meiner sentrale myndigheter sitt arbeid med inntektsrammene for kommunane er ei viktig sak og under stadig urimeleg press. Bykle vil jobbe tett saman med Lands-samanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) for å forsvare kommunen sine legitime rettar, heiter det.

Folketalet

Så kan det vere ei trøyst at Bykle greier seg betre enn naboane i folketalsutvikling. Dei siste 10 åra har kommunen alt i alt greidd å auke folketalet med 39 personar. Målet er å passere 1.000 innbyggjarar i 2026. Frå 1974 er folketalet dobla i Bykle!