Hege Cecilie Trydal har inngått fem års leigeavtale med Bykle nærings- og utviklingsselskap og håpar å starte opp bensinstasjonen i Bykle til påske. Foto: Knut André Trydal

Bykle får bensinstasjon att!

Bykle får bensinstasjon att! Hege Cecilie Trydal, som i dag driv Støylo gardsbakeri, har inngått ei femårig leigeavtale med Bykle nærings- og utviklingsselskap.

Hege Cecilie håpar å vere klar til opning i alle fall til påske.

– Helst skulle me ha vore klare litt før, så me kunne ha øvd oss litt på den daglege drifta før påsketrafikken kjem, smiler ho.

Namnet på verksemda blir Stasjonen Bykle AS.

– Der blir det sjølvsagt alt det ein ventar å finne på ein bensinstasjon. Drivstoff og bilrekvisita, seier Trydal.

Ferskt brød

Hege Cecilie Trydal vil også dra somme element av Støylo gardsbakeri inn i bensinstasjonen.

– Det blir no i alle fall eit utval med alt frå ferskt brød, baguettar og påsmurt. Også det som har med catering å gjere kan folk høyre med meg om på stasjonen, seier ho.

Bensinstasjonen får ei eiga avdeling for kortreist mat frå småprodusentar.

– Det meste kan vere aktuelt. Eg brenn for det som blir produsert lokalt, og eg trur det er interesse for dette blant tilreisande, seier Hege Cecilie Trydal.

Tilskot til oppgradering

Ho har fått 500.000 kr. i tilskot frå Bykle kommune til å gje bensinstasjonen ei viss oppgradering.

– No er det i grunnen bare tida og vegen, for påska kjem fort! I utgangspunktet blir det bare eg som arbeider på stasjonen, men så må eg ha på plass nokre som kan hjelpe når det trengst. Alle desse tinga skal kome på plass no når me gjer klar verksemda, seier Hege Cecilie Trydal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho håpar både fastbuande og gjennomreisande vil nytte bensinstasjonen.

– Eg gler meg til å kome i gang, seier Hege Cecilie Trydal.