Det kan bli magisk julestemning i Evje sentrum når juletraileren til Coca-Cola kjem i desember. (Foto: Coca-Cola)

Coca-Cola juletraileren til Evje

Pernille Kafé og Tip top på Evje får besøk av juletraileren til Coca-Cola i desember. Det blir eit av få stopp på Sørlandet. –Det blir den magiske julestemninga og me gler oss veldig, seier Tess Jansson ved Pernille.

For mange blir det eit høgdepunkt når den velkjende Coca-colatraileren, ”Christmas Caravan” kjem til Evje. Det skjer torsdag 8. desember, og då blir det amerikansk julestemning ved Tip Top og Pernille som er dei som får besøk denne dagen. Evje er ein av få stader på Sørlandet kor Coca-cola-nissen og traileren kjem.

– Me har hatt eit godt samarbeid lenge, og difor har Coca-cola valt å komme hit til oss, seier Tess Jansson.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Det blir den klassiske, magiske julestemninga når Coca-Cola Juletraileren kjem, seier Tess Jansson.

Ho fortel at det har vore planar om å få det til i to år, og endeleg er dagen komen.

–Det blir eit massivt program med giveaways og fleire ulike happenings. Det er den offisielle nissen som kjem, som reiser rundt i fleire månader. Me gler oss masse til den klassiske, magiske julestemninga som kjem med Coca-Cola juletraileren, seier Jansson.

Juleturneen startar denne veka for ”Christmas Caravan” til Coca-Cola, og om litt over to veker er juletraileren på Evje.

Opnar julegata fredag

Julegata på Evje opnar alt til fredag, og då er førjulstida med alt av smakar, luktar, handel og opplevingar for alvor i gong. Kongebarna blir med for å synge, butikkane held langopent og det blir tenning av julegrana midt i sentrum.

På laurdag skal DJ Svenn stå for julemusikk og det blir rebus og aktivitetar for born.