Natasha Degtyareva (f.v.), Jørgen Lien, Tonje Skauen og Irene Johanson seier handelsstanden no slår på stortromma etter den lange pausen.

Comeback for Evjedagane

I år kjem Evjedagane tilbake med fullt program, etter to år med pandemi. Det blir konsert med Åsmund Åmli og lokale artistar i tillegg til underhaldning og aktivitetar for barn og unge.

Evjedagane kan skilte med eit allsidig program som skal skape ramma for det dei håpar blir den same folkefesten som før pandemien.

På vegne av styret i Evje Handels- og serviceforening har Svenn Madsen snikra i hop eit program med noko for ein kvar smak. Han er elles kjend som Mr. Evjedagane etter å ha stått for organiseringa dei siste 8 åra før pandemien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir sentrumsfrukost på formiddagen, konkurransar og musikk frå scenen, leikar og aktivitetar for barn. Mellom anna gratis is og ansiktsmåling.

– Det vert konsert med Åsmund Åmli, Evjerampen, i tillegg til at bygdekoret opptrer, seier Madsen.

– Det vert eit variert kulturprogram med konkurransar og premiar, og fotballdart for barna, legg han til.

Det vert også sundagsopent på dei fleste butikkane og femshoppers konkurranse.

Sjølv om mange i handelstanden på Evje kan melde om høg omsetning under pandemien, gler dei seg til folkefest i sentrum igjen utan restriksjonar.

Jørgen Lien som har drive Intersport er ein av dei som gler seg.

– Det plar vere vanvittig med folk og høg omsetning den helga der. Evje har blitt ein kjempeplass å vere, der det kjem folk frå regionen for å handle, seier Lien.

Dei to site åra har det som kjent ikkje vore noko arrangement av denne typen. Tonje Skauen ved Europris seier handelstanden no vil slå litt på stortromma etter den lange pausen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei siste åra har ein berre hatt ei helg med litt tilbod på den tida Evjedagane vanlegvis er. No ynskjer me å kome sterkt tilbake å slå litt på stortromma, seier ho.

Europris har også merka stor oppgang dei siste to åra under pandemien.

Både Skauen og Lien trur marknaden er i ferd med å stabilisere seg igjen.

– Eg trur alle butikkane på Evje har hatt to gode år, men at me no ser at det flatar ut og blir meir normalt igjen, seier Lien.

No ynskjer dei folkefesten velkomen igjen til Evje.

– Dette er ikkje berre handel. Det blir gøy med mykje folk i gatene som kan møtast, og oppleve eit fint kulturprogram, seier Lien.