Folketoget på Byglandsfjord samla folk frå heile kommunen, og endeleg kunne folk feire saman. Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd

Der målaren stod for musikken på nasjonaldagen

Det var eit fyldig folketog som tok seg gjennom Byglandsfjord på nasjonaldagen. I front køyrte målaren Stein Knut Horverak, som i år stod for musikken i mangel av korpset som var reist til Hornnes. Men byglendingane frå nord til sør i kommunen let seg begeistre i fyrste folketog sidan 2019.

Folketoget gjekk til Årdalshallen, der det var leikar, underhaldning og moro for både store og små.

Ei uhøgtideleg styrkeprøve stadfesta også kor dei sterkaste i kommunen bur...

I strålande sol vart vegen gjennom Byglandsfjord fylt med glade born og vaksne som feira nasjonaldagen saman. Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd

Sjå bilete frå toget og feiringa på Byglandsfjord: