Nokre av dei som vart med i det nye styret for slakterietablering på Byremo, frå venstre: Vibeke Ro Stakkeland frå Joker-butikken på Tingvatn i Hægebostad, styreleiar Jens Tore Vatne frå Eiken og Mikael Schlezinger frå Ljosland Fjellstove i Åseral.

Dalstroka Lokalmat er etablert

På det tredje forsøket blei endeleg Dalstroka Lokalmat SA etablert. Det er eit samvirkeforetak som har som mål å etablere slakteri og senter for lokal matproduksjon på Byremo.

Det har lenge vore arbeidt med desse planane med Arne Georg Smedsland som prosjektleiar. Sjølve skipingsmøtet fekk likevel ein trong start.

Det vart utsett to gonger på grunn av corona-restriksjonar. 5. mai lukkast det endeleg å samle dei interesserte på Byremo. Vel 30 frammøtte godkjende forslaget til vedtekter og oppnemnde styret med Jens Tore Vatne frå Eiken som styreleiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Merete Riekeles Kvennvollen frå Bjelland er nestleiar. Dei andre styremedlemmene er Arne Mydland frå Hægebostad, Mikael Schlezinger frå Ljosland Fjellstove i Åseral og Vibeke Ro Stakkeland frå Joker-butikken på Tingvatn i Hægebostad.

Nesten halvparten frå Grindheim

Preben Forgard Lindland frå Kvinesdal og Kirsti Øydna frå nærbutikken på Byremo er varamedlemmer.

Vedtektene krev at medlemmer ikkje kan bu lenger enn 50 km frå Byremo, men det er gjort unntak for Åseral og Kvinesdal. Blant dei frammøtte var det heile 13 frå Grindheim og 7 frå Åseral. Kvart medlem må betale inn 10.000 kroner i andelskapital.

Foretaket sitt arbeidsmål er å slakte og vidareforedle husdyr og vilt både på provisjonbasis og for eiga omsetning.

Merkevara ”Dalstroka Innafor”

Selskapet skal bygge og forvalte merkevara ”Dalstroka Innafor”, og lagre, pakke, selje og distribuere kjøtvarer og andre landbruksprodukt under same merkevare.

Foretaket kan også foredle andre landbruksvarer enn slaktedyr og produsere spesialprodukt for samarbeidande reiselivsbedrifter, heiter det.

Målet er å fremje medlemmene sine økonomiske og andre interesser anten dei er produsent, innkjøparar eller forbrukar, heiter det i vedtektene.