Ivrige elevar ved Fjellgardane skule på Hovden i nettsamtale med Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette Marit fredag. Foto: Ole Birger Lien

– De må kome på besøk til Hovden!

– De må kome til Hovden! Så kan de vel låne ei hytte og vere med på ski! Det sa elevar ved Fjellgardane skule på Hovden i nettmøte med kronprinsparet fredag. Responsen dei fekk var ikkje avvisande!

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette Marit lova rett nok ikkje å kome, men sa at dei sette pris på invitasjonen og ville tenke på det!

Røe om korona-situasjonen

Kronprinsparet ville prate med elevane på Hovden om korleis dei hadde opplevd korona-utbrotet og ikkje minst korleis det var å ha byrja på skule att.

– Eg skal fortelje noko morosamt, sa Kronprinsesse Mette Marit til ein spent gjeng elevar då samtalen tok til.

– Då eg var lita hadde me hytte på Hovden, så eg har vore mykje der, smilte ho.

Det var då elevane sporenstreks inviterte henne og mannen til Setesdal.

– Var det moro å byrje på skulen att? ville Kronprins Haakon vite.

– Jaaa! kom det frå alle elevane.

– Men ein heilt vanleg skuledag er det vel ikkje enno? spurte han.

– Me må vaske hendene heile tida! sa Tord Helgasson Bjønnes, eit svar kronprinsparet lo godt av.

– Finaste bunaden i landet

Kronprinsparet ville også vite kva elevane skal gjere på det som blir ein heilt spesiell 17. mai. Då Kronprinsesse Mette Marit fekk vite at somme hadde tenkt seg i alpinbakken med bunad, reagerte ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I stakkar i slalåmbakken? Så flott! Setesdal har den flottaste bunaden i heile landet! slo ho fast.

I løpet av 20 minuttar fekk både kronprinsparet og elevane svar på mange spørsmål. Fredagens nettmøte blir nok ei oppleving elevane ved Fjellgardane skule kjem til å hugse lenge!