Valle bygdekvinnelag deler ut matkassar i kommunen før jol. Frå venstre: Frøydis Henriksen Junge, Eli Helene Andersen, Kristin Nomeland, Grete Fossen og Sissel Åkre.

Deler ut matkassar før jol

Valle bygdekvinnelag og lokalt næringsliv deler ut matkassar til dei som treng ei ekstra handsrekking i førjolstida.

Grete Fossen i Valle bygdekvinnelag seier dei har fått innspel om at det kunne vere behov for utdeling av matkassar.

– Det er lett å gløyme i ei lita bygd, at det også her finst menneskje som kan trenge hjelp før jol. Kan dette vere eit bidrag, er det viktig at me når ut med tiltaket, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bygdekvinnelaget lagar i samarbeid med Coop og Joker i Valle oppimot 20 matkassar til ein verdi av om lag 1000 kroner som dei skal køyre ut den 22. desember.

– Det er ei kasse med jolemat, og folk kan berre ringe eller sende meg melding om dei ynskjer ei matkasse fram til kvelden den 21. desember. Så kan me køyre dei ut dagen etter, seier Fossen.

Anonymt i ei lita bygd

Det er anonymt å be om denne tenesta og det er ikkje behov for å hente varene, då dei blir køyrde heim på døra.

– I ei lita bygd er det greit å gjere dette mest mogleg anonymt. Difor køyrer me rundt og leverer, seier Fossen.

Tiltaket er for alle som ønskjer det.

– Dette er for alle som ynskjer ei matkasse, og litt ekstra hjelp før jol, seier Fossen.

Det er ho og Elin Viki som administrerer tiltaket på vegne av bygdekvinnelaget. Grete Fossen når ein på tlf 97708535.