Innehavaren av Neset Camping på Byglandsfjord, Olav Neset er igjen på Europaturne for å selje Setesdal til interesserte sommarturistar. - Dei er ivrigare enn nokon gong, seier han og meiner turistbedriftene i Setesdal bør gni seg i hendene med tanke på sommaren som stundar til.