HANDEL: – Eg synest at eg har fått ein god start på Evje. Det er også mange nye kundar som kjem innom, seier Roger Jakobsen frå Vennesla bak disken på MEKK Evje, utstyrsbutikken som han nyleg overtok ansvaret for på Verksmoen. Til høgre kunden Erik Undem frå Åseral.

Den nye drivaren på MEKK Evje

– Eigentleg søkte eg berre på den ledige butikksjefstillinga hos MEKK Evje, men resultatet vart at eg overtok den daglege drifta, seier Roger Jakobsen som Setesdølen møter på jernvarehandelen som Jenny Strømstad opna på Verksmoen på Evje for vel eit år sidan.

Ho dreiv butikken på såkalla franchchise i nært samarbeid med det landsomfattande MEKK-konsernet. Roger Jakobsen overtok tidlegare i haust på same vilkåra, og forhandlar alt frå jernvarer til det meste av det som dei som gjer det meste på eiga hand, har bruk for. Butikken hadde i fjor ei årsomsetning på rundt 2,5 mill. kroner.

– Det er slett ikkje så verst til å vere første driftsåret. Eg er imponert over korleis forgjengaren min greidde å få butikken innarbeidd på så kort tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er vanvittig gode muligheter. Evje er ein bra stad å drive handel, med stort potensiale for utvikling, meiner den nye butikkdrivaren.

Breitt utval

– På MEKK Evje satsar me på eit veldig breitt utval av slitedelar til både bil, båt, MC, hus og heim, seier han.

Alt frå verktøy til nøkkelsliping, fritidsutstyr og baderomsinnreiing har han i den velfylte butikken.

– Mykje av det me kan skaffe, greier du ikkje å finne på nettet eingong, seier han. Det er slik fordi me er innstilte på å strekke oss langt for kundane. Skulle det vere noko du er på jakt etter, men ikkje finn det i butikken, vil me gjere det me kan for å skaffe det likevel, understrekar han.

Konkurranse er ein styrke

Målet er å vere eit godt tilbod til alle som fiksar og ordnar noko sjølv.

Dessutan vil me vere opptekne av å tilpasse butikken til lokalmiljøet og ligge inne med godt utval i alt som me trur folk i dette distriktet er på jakt etter, seier Roger Jakobsen.

Han er heller ikkje redd for konkurransen frå andre butikkar på Evje der nettopp mange varer går over i kvarandre frå byggevareutsal til bensinstasjonar og utstyrsbutikkar.

– Nei, det er berre sunt med konkurranse. Er det noko eg ikkje har for handa når kunden kjem inn, vil eg straks gi dei råd om å gå på ein av dei andre butikkane i bygda. Slik trur eg også at det vil vere omvendt. Difor er det ein styrke, ikkje minst for dei som kjem langvegs frå til Evje for å handle, at her er mange alternativ, seier Roger Jakobsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

BUTIKK: Roger Jakobsen på MEKK Evje satsar sterkt på godt utval i verktøy til den som gjerne greier å reparere og fikse noko sjølv.

Lang opningstid

Sjølv om han innser at det er tøff konkurranse på Evje, meiner han at dei fleste butikkane har sitt særpreg og sine spesialitetar som gjer at dei skaffar seg eit visst kundegrunnlag.

Sjølv bruker Roger Jakobsen facebook for å få kontakt med kundane, og han opplever altså at det er stadig nye folk som av den grunnen stikk innom.

– Det er klart at det tar litt tid å løfte butikken til dei store høgder, men eg vil bygge stein på stein. I første omgang er eg åleine i butikken, men eg satsar likevel på lang opningstid frå 9 til 18 kvar dag, men frå 9 til 16 på laurdagar. Laurdagsfri for sin eigen del har han ikkje tankar om ennå på ei stund.