Det var ein blid, fornøgd og mett gjeng som sat rundt bordet på Pernille kafeteria som ein del av tiltaket «Eldre ut på middag» denne veka på Evje. Venstre side frå venstre: Magnhild Smeland, Synnøve Wiberg, Anne Marie Langeid, Klara Gullsmedmoen og Astrid Smeland. Høgre side: Molla Moi, Anette Retterholt og Finn Larsen.

– Det er så festleg å gå ut igjen!

– Me var mykje meir ute før korona. Det er ikkje mykje ein har kunne gjort. Så dette var veldig koseleg, sa Magnhild Smeland. Saman med dei andre over 65 år i kommunen fekk ho invitasjon til «Eldre ut på middag» denne veka. Det vart ei kjærkomen sosial samling med god restaurantmiddag og triveleg samrøde.

Innbyggjarane over 65 år fekk denne veka middag og dessert, samt ei triveleg sosial samling på Dølen hotel eller Pernille kafé. Slikt har det ikkje vore mykje av den siste tida, og for mange var det fyrste gongen ut på kafé på over halvtanna år. Men med vaksinen i orden, lite lokal smitte og middag spandert av kommunen, fekk fleire ein god muligheit til å kome seg ut.

– Det var heilt nydeleg middag, sa Synnøve Wiberg medan den eldre garde venta på desserten på Pernille Kafé.

Artikkelen held fram under annonsen.

Praten gjekk livleg rundt bordet, og Magnhild Smeland ville gjerne fortelje Setesdølen litt om alle som sat til bords.

Finn Larsen frå Flatebygd var strålande fornøgd med å vere einaste hane i flokken på Pernille Kafé då dei eldre vart inviterte ut på middag.

– Eg er frå Hornnes, men Finn Larsen her er frå Evje, sa Smeland.

Finn Larsen sjølv godtok ikkje den forklaringa.

– Eg er då ikkje frå Evje, eg er frå Flatebygd, sa Larsen med eit smil.

Molla Moi (t.v.) og Anette Retterholt var fornøgde med middagen på Pernille Kafé.

Molla Moi og Anette Retterholt tok seg også tid til ein prat med Setesdølen, og fortalte at dei begge er opptekne av å halde seg orienterte om lokalstoff.

– Eg les Lindesnes Avis og eg les Setesdølen. Då er eg oppdatert frå kysten og opp heile dalen, sa Molla Moi.

Astrid Smeland likte godt å sitje til bords på Pernille Kafé med trivelege damer og røde om nytt og gamalt.

Klare for dans

På Dølen Hotel sat Marie Uldal frå Hornnes og Dagfinn Abusland frå Moi til bords. Også dei var glade for å kome seg ut på restaurant, men vedgjekk at dei to har halde god kontakt under pandemien.

Dagfinn Abusland og Marie Uldal på Dølen Hotel.

– Og i dag har me levd som grever, sa Dagfinn Abusland då han koste seg med ein kopp kaffi etter velsmakande mat og dessert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pandemien har sett sitt preg på kvardagen, men nokre lyspunkt har det vore:

– Det har nå vore greit også å berre kunne pendle mellom Moi og Abusland, sa Dagfinn Abusland.

Det blir nok meir sving på det sosiale liv når ein kan danse igjen, meinte Marie Uldal:

– Me har jo ikkje fått starta opp igjen dansen endå, men det blir DaCapo frå september av. Du veit, me kan jo ikkje ha ein eller to meter avstand når me skal danse, me må jo halde rundt kvarandre!

Tida under pandemien har til tider vore tung, meinte Uldal. Så ein betre middag denne veka og snart meir dans i sikte er lyspunkt for dei eldre.

På Evje vart middagane ein suksess, og nokre var inne på om ikkje dette kunne vore gjentatt ved seinare høve.

Obert og Ellen Bjærum tok turen til Dølen Hotel saman med fleire andre som var inviterte ut på middag av kommunen.
«Eldre ut på middag»

Pleie- og omsorgstenesta i Evje og Hornnes inviterte dei over 65 år ut på middag etter å ha fått 50.000 kr av Statsforvaltaren i Agder til dette føremålet.

Målet var å gjere noko for å motverke fysiske og psykiske konsekvensar av sosial isolasjon det siste året, og å legge til rette for at eldre igjen kan vere ein del av eit sosial fellesskap.