Anne Grete Frisør fekk spalteplass og svært høge lesatal på nett då ho runda 40 år som salongdrivar på Evje. Her er Anne Grete Bjærum i midten saman med Anita Austenaa og Linda Stifoss (t.h.).

Dette vart mest lese i 2023

Her kjem eit lite overblikk over saker som har vore blant dei mest lesne på www.setesdolen.no i 2023. Både kronprinsbesøk, kommune- og fylkestingsval, og arbeidsliv og kvardagsliv i Setesdal og Åseral interesserer lesarane våre.

Ved starten av året fatta mange interesse for utspelet frå byggmeister Vidar Smeland om at Evje og Hornnes driv næringsfiendtleg politikk. Han trekte seg frå styret i Evjemoen Næringspark AS etter kommunestyrevedtaket om tursti gjennom Odden camping. Frå næringslivet i kommunen kunne ein også lese om Anne Grete Bjærum som har drive frisørsalong på Evje i 40 år, og om klesbutikken Kleshjørnet som la ned drifta.

Kronprinsbesøket til Bykle i mars vart eit høgdepunkt for folk nord i dalen. Her er kronprinsparet på veg inn i den gamle kyrkje saman med Statsforvaltar Gina Lund og ordførar i Bykle før valet, Jan D. Dalen.

Frå det politiske liv i Bygland las mange om Dagsrevy-innslaget om rovviltforvaltning som vart teken opp i kommunestyret, og i Bykle var det stor interesse rundt saka om at hotellet kanskje skulle bli rusinstitusjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange las om Nicoline Kjær frå Hovden og Monica Breive frå Evje som starta på distriktsvenleg vernepleie i Setesdal i august.

Søkjarlista til stillinga som ny brannsjef i Setesdal vekte stor interesse i februar, det same gjorde rapporten om ungdom sitt skulemiljø i Åseral der dobbelt så mange som i landsgjennomsnittet seier at dei kjenner seg mobba.

Valstoff prega avisa frå sommaren og fram til konstituerande kommunestyremøte i september. Her dei nye representantane i Evje og Hornnes.
Jordbærstoff frå Hornnes midt i høgsesongen for dei smakfulle bæra vart lese av mange, her Bunsiri Nantha og Stein Uleberg.

NM i bakkedrag

I vårmånadane las flest om Kjell Rune Heia og Skild som auka bemanninga frå 3 til 14 i løpet av eit år, om underskot for Setesdal Bilruter i 2022, Nomeland Maskin som etablerte seg på Evje og rekorddeltaking under eit vellukka NM i bakkedrag i Åseral.

Valle kommune vann mot staten i Agder Tingrett om retten til å bygge oppatt støylsbuer. – Dette viser at Valle kommune gjorde rett, og eg håpar staten godtek dommen, sa dåverande ordførar, Steinar Kyrvestad i juli. Staten anka sidan dommen, og ankesaka kjem opp i juni neste år.
Det var rekordoppmøte og stor stemning i bakken då Åseral Snøscooterklubb arrangerte NM i bakkedrag i Bortelid. Her Leah Handeland Thorsland (t.v.), Charlotte Jacobsen og Linnea Honnemyr som sjølvsagt var tilstades.

Det var også interesse for politikk i Valle og kjøp av bustadeiningar i utbyggings- eller rehabiliteringsprosjekt for å gjere noko med bustadmangelen i kommunen.

Kronprinsbesøk

Kronprinsbesøket i Bykle førte til mange lesne saker om både UNESCO-element og meir sporty opplevingar dei fekk under turen til Setesdal. Rv9-utbyggingar vekkjer interesse året rundt, men også ny fv42 mellom Hornnes og Eiken vart ei mykje besøkt sak.

Skild og Kjell Rune Heia vart lese av mange i mars. Arbeidsplassen gjekk frå 3 til 14 tilsette i løpet av eit år, ganske sterkt i Bygland kommune.
Med mange fargar og store smil, gjekk Pride-toget gjennom Evje sentrum i juni, ei sak mange ville få med seg.

Både Pride-markering på Evje og filmselskap med ambisjonar på Bygland var mykje lese i juni, og i juli ville mange lese meir om den nye politistasjonssjefen i Setesdal og Holum-funnet i Valle der ekteparet Holum Heiland fekk seg ei overrasking då dei skulle renovere huset på garden. Frå Valle fekk ein også artikkelen om Valle kommune vs. Staten i støylsbusaka som engasjerte.

Oddbjørn Heiland og Anne Holum Heiland frykta fyrst byggearbeidet ville stoppe opp, men vart sidan begeistra då det vart gjort spennande vikingfunn på garden deira i Tveitebø i Valle.
Økonomisk krevande tider gjer at fleire har behov for ei handsrekning. Dei to frivillige på Norkirken Evje, Mohamad Tawfik Mowafak Aljaeh (t.v.) og Ahmad Hassan Aljarad hjelper med å pakke matkassar til over 80 familiar kvar veke, ei sak som mange ville lese meir om i november.

”Ole Ivars” på Bygland

Då Ole Ivars-vokalisten Tore Halvorsen besøkte Byglandsheimen fekk Setesdølen ei av dei mest lesne sakene på nett gjennom heile året. Valle Skyrace, det fyrste i historia, vekte engasjement hos fleire enn dei mest sporty av lesarane. Fem personar på skuter i Setesdal Vesthei rømde frå politiet i april, og vart i august sikta for brot på naturmangfaldlova.

Driftige og nytenkande ungdom frå Setesdal er godt lesestoff i avisa. Roald Skibsrud (t.v.) og gründer Trond Haugå satsar på at Flaks Film skal bli det leiande filmselskapet i distriktet.
Det er ikkje alltid dei som skrik høgast som får mest plass i avisa. Marwan Alkadi (t.h.) vart hylla med kake for vel bestått fagbrev i byggdriftarfaget, og mange små og store redningsaksjonar for drift og forvaltning i Bygland. Tenesteleiar Kjell Øyvind Berg til venstre.

Heile sommaren og fram til midten av september handla det mykje om kommunevalet i Setesdal. Det vart skarpe ordskifte, ikkje minst i etterspelet då verva skulle fordelast. Sidan har politikarane fått fokusere meir på det dei skal. I oktober las mange om sauesjåmarknaden i Valle og om politietterforskinga i Bykle etter at fleire foreldre meldte kommunen til politiet for brot på opplæringslova.

Sauesjå i Valle er tradisjon, og interessant for lesarane. Liv Brattlie Løyland (t.v.) og Britt Inger Røysland representerte Bygdekvinnelaget som gjer ein stor innsats under marknaden.
Politistasjonssjef i Setesdal, Kim Asbjørn Haugen tok 1. september til som øvste leiar for polititenesta i distriktet. I juli møtte Setesdølen han då han endå hadde ferie, men såg fram til nye arbeidsoppgåver i Setesdal.

Jo Breivegen i Hovden Hytteservice fekk mange auge retta mot seg gjennom året, mellom anna i saka om investeringar for 100 millionar i nybygg på Hovden. Seinare i november kom saka om at Zephyr vil anlegge vindkraftanlegg på Gautestad i Evje og Hornnes, om Bertha Haraldstad som for 85 år sidan starta det som i dag er Pernille Kafé på Evje og om det store behovet for utlevering av matkassar frå Norkirken på Evje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jo Breivegen i entreprenørfirmaet Hovden Hytteservice då han i november var i full gang med nytt utbyggingsprosjekt til 100 millionar kroner på Hovden.