Direktesendt 17. mai-feiring

Live streaminga frå 17.mai-feiringa i Evje og Hornnes startar utanfor Evje kyrkje, der musikkorpset speler og Kjell Hansen held minnetale. I fjor møtte folk opp og fekk med seg barnetoget, korpset og Tom Roger Øydne sin minnetale, men i år må folk streame programmet heimanfrå. Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd

Det blir ei annleis feiring av nasjonaldagen for dei aller fleste, men i Evje og Hornnes ligg mykje til rette for ein minneverdig 17. mai likevel. Talane, korpsmusikken, bilkortesjen og mange glimt frå kommunen blir live streama på nettet.

Dagen startar med ei videogudsteneste, før det er kransenedlegging utanfor Evje kyrkje som neste punkt på programmet. Det er rektor ved Evje ungdomsskule, Kjell Hansen som held minnetalen, og Evje og Hornnes musikkorps speler. Talen og musikken blir streama på gruppa «17. mai i Evje og Hornnes» på Facebook. Ordførar Svein Arne Haugen held så tale for dagen, og videoinnlegget blir også delt på sida. Musikkorpset marsjerer frå sentrum til Evjeheimen, der dei speler og Rita Flottorp syng.

Veteranbilkortesjen i Evje og Hornnes startar klokka 10.15. Bilane stiller opp i Taubanegata og startar turen frå Evjeheimen. Bilane køyrer så Fennefoss-sida til Hornnes, og tek turen inn Hornåsvegen, rundt Elgfaret og Rv9 sørover til Kjetsåkrysset. Så går turen vidare inn Hornnesvegen og forbi Hornnes kyrkje. Ved Esso-stasjonen går turen inn att på Dåsnesvegen og gjennom Skulevegen, Lyngvegen, og ned Bjørkevegen forbi Hornnesheimen og ned på Rv9 nordover til Evje kyrkje, før siste etappe går på Evjevegen til Evje sentrum. 17.mai-komiteen håper at folk kjem ut til vegen og vinkar til kortesjen.

Veteranbilkortesjen i Evje og Hornnes startar utanfor Evjeheimen. Der får bebuarane eit flott syn med festpynta veteranbilar på nasjonaldagen. Korpset marsjerer og speler også, og Rita Flottorp skal synge.

På Hornnes er det Else Haugland som held minnetalen utanfor Hornnes kyrkje, og russepresident Iver Kvaale Skibsrud held russetalen. Musikkorpset speler utanfor Hornnesheimen, og deretter er det bilrebus for heile familien.

Følg feiringa i Evje og Hornnes direkte her:

17. mai i Evje og Hornnes