PÅSKE: I Setesdal vesthei ligg Gaukhei turisthytte ein av fleire overnattingstilbod til DNT Sør.

DNT har god plass på påskefjellet: – Folk ser an vêrmeldinga før dei bestiller

Det er framleis god plass på alle turisthyttene til DNT i påska. Folk ventar på vêret før dei reiser, seier Bjørn Andersen-Steinsland i DNT Sør.

I Setesdalsheiane har DNT Sør 12 fjellhytter med til saman 300 overnattingsplassar som er tilknytt 210 kilometer med vintermerka løyper. Tre av hyttene er stengde om vinteren fram til mai.

Dagleg leiar Bjørn Andersen-Steinsland seier besøkstala er jamt over stabile dei siste ti åra, og at det ei veke før påske er 130 personar som har tinga overnatting fordelt på hyttene i fjellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange ser an korleis vêret blir før dei bestiller, og om lag 1/5 del av dei som brukar hyttene våre bestiller i god tid i forkant. Dei aller fleste bestemmer seg i siste liten, seier han.

– Me har veldig god plass, og belegget er på om lag sju prosent ei dryg veke før påske, legg han til.

Tre stengde hytter

Hyttene som er opne for besøk i påska er Sloaros, Bossbu, Svartenut, Tjønndalen, Josephsbu, Lakkenstova, Bjørnevasshytta, Kvinen og Gaukhei.

Medan Håheller er stengd 31. oktober - 20. mai, Stavskar er stengd i tidsperioda 3. november - 16. mai og Øyuvsbu i perioda 22. desember - 20. mai på grunn av omsynet til villreinen.

Steinsland seier dei merkar på kontoret at det alltid er litt meir pågang før ferier, men at den store pandemi-effekten ikkje har sett seg.

– Normalt er det ein del innom turistkontoret før alle ferier for å sjekke kart og ruter. Samtidig kunne ein håpe at interessa for friluftsliv som auka under pandemien hadde halde fram, men tala er i grunn dei same som dei har vore dei siste 10-15 åra, seier han.