Verda er blitt lita, ikkje berre fordi me har internett, men også reint praktisk. I løpet av kort tid var sykkelen frå Jonas i Hornnes på plass hjå Rolando i Havana. Rolando overlevde så vidt amputering av beinet då han var 6 år. No er han 8 og syklar med eitt bein ved hjelp av klikk-pedal. Litt nærmare «huset» står sykkelen frå Pål Viki på Rysstad. Den bruker Rolando si mor. Slik bistand som dette, er ikkje god nok for dei som no skal styre Noreg.

Ei lita verd med store skilnader

Stortingsvalkampen er over, og me er blitt fora med klimaargument til øyrene er blitt store og våte. På meg virker heile klimadebatten ein smule sjølvsentrert. Dersom berre lufta blir rein rundt Studenterlunden, så skal me få det så gildt og greit her oppe i Elbil-bobla Noreg.

Og for eit fantastisk klimaengasjement frå dei unge? Dei har både brølt og skulka nokre skuletimar for klimaet… Det må vere den absolutt minst forpliktande aksjonsforma det var råd å finne. Eg saknar koblinga mellom fattigdomsbekjemping og klimakamp. Utan at verdas fattige blir med i klimakampen, vil ein aldri nå noko klimamål, om no det målet blir vedteke av rikingar som samlast i Paris eller kor dei i all sin materielle velstand set kvarandre i stemne.

No er Ronaldo 8 og syklar med eitt bein ved hjelp av klikk-pedal.

Treng ikkje sjølvforsvar

Eg har ikkje fått med meg korkje brøling eller skulestreiking mot verdas fattigdom. I motsetnad til klimaproblem reknar ikkje norsk ungdom med at dei sjølve kan bli råka av fattigdom, så dermed treng dei ikkje noko sjølvforsvar mot fattigdom. Eg er litt usikker på kva farge som kjem fram, dersom ein blandar blått og grønt, men det er den fargen dei bør gje seg sjølve dei som no vil stanse norsk oljeutvinning. Når dei sjølve har kome seg til topps på statens regulativ, då vil dei stanse den inntektskjelda som fekk dei dit. Verda treng olje i mange år enno. Særleg fattige land treng olje for å få folk ut av fattigdomen. I staden for å stanse oljeutvinning, burde Noreg auke oljeutvinninga og legge noko av oljeproduksjonen ut på billegsal til fattige land. Det vil vere den beste måten for å få flest mogeleg land med i klimakampen. Dersom ein held til på andre sida av kloden, manglar mat, medisinar, sko, klede og skikkeleg bustad, gjev ein sjølvsagt blanke i om Bryggen i Bergen blir ståande under vatn, eller om feite amerikanarar ikkje kan dra på kvalsafari fordi kvalen har fått vomma full av plast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tryggleik

Sjå på dei to bileta: Jonas bur i Noreg der dei fleste materielt sett har det meste og ingen svelt. Og kan hende endå viktigare, der Jo-nas bur har ein rettstryggleik og ytringsfridom. I Noreg kan kven som helst dra på valmøte og stille kritiske spursmål til statsministaren, utan at nokon tenker på å gje deg straff for det. Rolando bur på Cuba, der han og altfor mange andre bur elendig, manglar mat og medisinar, sko og klede. Og nåde deg dersom du på Cuba våger å kritisere dei som styrer. Offentleg kritikk av dei som sit med makta blir ikkje tolerert. Legg du ut kritikk av styresmaktene på nettet eller legg ut bilete eller film som set cubanske styresmakter i eit dårleg ljos, risikerer du fengselsstraff. Dessverre går dette landet under radaren hjå dei som no let seg velje inn på Stortinget.

11.000 syklar

På dugnad har eg i over tjuge drive privat bistandsarbeid med klimavenleg transport i eit fattig land. Over 11.000 syklar har «Sykler til Cuba» sendt over Atlanteren på desse åra, til nytte og glede for fattige cubanarar. Eit dugnadsprosjekt treng også klingande mynt. Me får støtte frå nær sagt alle leirar, men ikkje frå dei som ville at me skulle røyste på dei 13. september. Stortingsrepresentantane meiner at bistandsarbeid skal utførast av folk som får god løn, har kort oppteningstid for god pensjon og god etterløn, slik dei har ordna for seg sjølve. Privat bistand på dugnad har ingen plass i deira partiprogram. I den grad politikarar i røynda har meir makt enn byråkratane, så har tjuge år med privat bistand vist meg at det betyr lite kva slags politisk parti som har Bistandsdepartementet. Der er det alltid tommelen ned for pengestøtte til private engasjement.

Med pandemien er det blitt endå fleire fattige i verda. Så sjølv om dei som let seg velje inn på Stortinget ikkje bryr seg, må me halde fram med privat bistand. Det spelar ikkje nokon rolle kor i verda du vil hjelpe, og det er fattigdom nok til alle.

September 2021,

Jan Olsen

Dugnadsleiar «Sykler til Cuba»

Facebook: Sykler til Cuba