Ein klasse ved Setesdal vidaregåande skule på Hornnes er sett i karantene, etter at ein elev testa positivt på ein hurtigtest i går.

Hurtigtest gav mistanke om korona

Ein hurtigtest som vart tatt av ein elev ved Setesdal vidaregåande skule på Hornnes på laurdag var positiv. Resultatet av ein vanleg koronatest konkluderte dagen etter med at det ikkje var påvist koronasmitte likevel.

På laurdag vart ein klasse ved Setesdal vidaregåande skule på Hornnes sett i avventande karantene. Grunnen var ein positiv hurtigtest tatt av ein elev same dag.

Sundag ettermiddag kom det negativt svar tilbake på den ordinære koronatesten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle som vart sett i karantene i går er ute av denne nå.