På hest ved Homsvatnet på veg frå Eikerapen i Åseral til Eiken. –Det er ei unik historie om kyrkjetjuven herfrå, og det blir ein unik tur å få med seg, seier Elling Eikerapen om rideturen neste helg. (Foto: Privat)

Ein kulturhistorisk ridetur i fjellheimen

Neste helg arrangerer Eikerapen Gjestegard ein heilt spesiell ridetur. Det ligg an til å kunne bli litt av ei sommaroppleving på hesteryggen over heia til Eiken, med leirstad og overnatting ved den historiske staden etter kyrkjetjuven på 1600-talet.

”Å stela verdisaker frå kyrkjene var eit alvorsamt brotsverk. Det var berre døden som var høveleg straff for slikt brot mot heilagdomen – om ikkje det som verre var – å missa ei hand eller fot eller frå utstokne augo – og bli sittande kvar preikesundag i gapestokken på kyrkjebakken”.

Slik startar soga Kyrkjetjuven, ført i pennen av Olav Engelid (1900-1976). Ein finn også soga om kyrkjetjuven i skriftene etter Knut Liestøl, og frå eldre folk i Åseral som hadde høyrt korleis det gjekk med Taddleiv då han vart mistenkt som kyrkjetjuv. Det er ei soge om korleis heile bygda snudde seg mot han som dei alle kom til å tru hadde stole frå kyrkja. Det alvorlege brotsverket gjorde at han endte sine dagar i jorda ved Liansvatnet i Eiken. Men kva var det eigentleg som skjedde med den røslege åsdølen som hoppa over kyrkjegardsmuren ein sein kveld og difor vart skulda for tjuveri?

Artikkelen held fram under annonsen.

”Slarvet gjekk. Rulla på seg - frå dag til dag - frå vike til vike-. Nei, Taddleiv kunne ikkje ha godt samvit, når han hoppa over kyrkjegardsmuren. Det måtte vera noko i alle rykta-. Ingen røyk utan eld. Taddleiv måtte vera kyrkjetjuv. Taddleiv var kyrkjetjuv!”

Unik ridetur med guide

Den historiske hendinga er noko av bakteppet for rideturen 22.-24. juli frå Eikerapen til Eiken.

Fredagskvelden blir det historieforteljing på Eikerapen Gjestegard og overnatting der, før rideturen over heia på laurdagen med guide.

Turen går via Homsvatn der det blir lunsjpause. Framme ved Liansvatnet blir det overnatting i telt på grunnen til Knut Eiken. Der blir det også fortalt om kulturhistoriske minne.

–Det er ein kjempeflott tur. Me trur også det er mange som kan synest det er greit å kunne ta med eigen hest, seier Elling Eikerapen.

Over myr og steinete sti

For dei som ikkje har eigen hest, er det eit godt høve for å få seg ein lang og flott ridetur på heia likevel.

Det er ein krevande tur med stor variasjon i underlaget og kryssing av

både myr og steinete sti. I dei brattaste stigningande må ryttarane belage seg på å gå på beina.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Det er jo ei unik historie me talar om her. Og så blir det jo ein unik tur å få med seg, seier Elling Eikerapen.