Ein person korona-smitta i Bygland

Onsdag ettermiddag fekk ein person påvist covid-19 i Bygland kommune. Personen er isolert, og åtte personar sit i karantene.

Bygland kommune arbeidde utover kvelden med smittesporing. Personen vart isolert, og 77 personar vart sett i avventande karantene.

Fredag føremiddag gjekk alle som vart sett i avventande karantene ut av denne, medan åtte personar framleis sit i ti-dagars karantene. Alle testar av nærkontaktar gav negative svar, men dei som er sett i ti-dagars karantene skal framleis halde seg til denne.