Ordførar Svein Arne Haugen fortel at det i kommunen no er tre uavhengige små smitteklynger som ikkje har noko med kvarandre å gjere. – Dette stemmer med det inntrykket vi alle har om at det er meir smitte rundt i landet no, og at risikoen for å bli smitta dermed er større.

–Ein svært usikker og krevjande situasjon

Sundag kveld kunne ordførar i Evje og Hornnes, Svein Arne Haugen oppsummere veka med 10 smitta og 204 i karantene på grunn av utbrotet av covid-19.

–Me må leve i ein svært usikker og krevjande situasjon i fleire veker framover.

Det har vore ei krevjande veke for både helsevesenet og for innbyggjarane i Evje og Hornnes. Kvar einaste dag har folk vore spente på om det har blitt påvist nye tilfelle av covid-19, og om dei sjølv eller andre har vore i nærkontakt med nokon som er smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Vi er i ein situasjon der alle dei som har fått påvist smitte truleg vart smitta før vi bekrefta den første smitten på tysdag, skriv Svein Arne Haugen.

Oppmodar om å avgrense kontakt

Situasjonen er difor uavklart, og det kan bli påvist fleire tilfelle av covid-19 dei neste dagane.

–I løpet av veka som kjem vil vi kunne få eit bilete av i kor stor grad den første smitten har spreidd seg, seier han.

Ordføraren og kommuneoverlege Åsulv Horverak oppmodar no innbyggarane om vere varsame den neste tida.

–Dei neste 14 dagane er avgjerande for å få kontroll i denne omgang, så ver litt ekstra varsame og unngå unødvendig kontakt med andre.

Kommuneoverlegen og kriseleiinga tilrår folk å unngå å samlast i større grupper dei neste 14 dagane.

–Vi ber difor alle unngå gruppetreningar, lagstreningar, kampar, øvingar, møter, arrangement og andre aktivitetar på fritida der fleire enn fem møtast.

Avventande karantene

Kommunen har gjort fleire inngripande tiltak for å handtere smittesituasjonen. Eit av dei er at kommunelegen har innført det ein har valt å kalle ”avventande karantene”. Ved å sette nærkontaktar til ein som er testa i karantene til prøvesvara kjem tilbake, sparer ein kanskje eit døgn i smittesporingsarbeidet. Dersom prøvesvaret er negativt, går personane ut av karantene, men er det positivt held karantenen fram som ein vanleg ti-dagars karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Dette tiltaket er strengare enn det vi er pålagt frå sentrale myndigheiter. Vi gjer dette for å vere litt ekstra varsame og håper det vil gje effekt. Det gjer at vi får begrensa eventuell spreiing eit døgn tidlegare.

Smittespreiing til no

–Smittetilfelle 1, 2 og 3 er i same husstand. Ein person er smitta ein gong i midten av veke 40 og har deretter smitta to i sin husstand.

Smittetilfelle 4, 5 og 6 er også tre medlem av same husstand. Ein person er smitta ein gong rundt helga i veke 40 og har deretter smitta to i sin husstand.

Smittetilfelle 7 er eit enkelttilfelle i en annan husstand. Denne er truleg smitta rundt helga i veke 40.

Smittetilfelle 8 er eit enkelttilfelle i nok ein annan husstand. Truleg smitta rundt helga i veke 40.

Smittetilfelle 9 og 10 er eit ektepar i nok ein ny husstand. Truleg smitta rundt helga i veke 40, informerer Svein Arne Haugen på Evje og Hornnes kommune si nettside sundag kveld.

Måndag ettermidag kom det 11. tilfellet av påvist covid-19 i Evje og Hornnes.