Dreng Oddvar Helle, Monica Breive og Linn Irene Bransdal (t.h.) har fått meir boltreplass etter flytting til sentrumsbygget på Evje.

Ein unik butikk i sentrum

–Me har fått utvida bruktavdelinga med meir tøy, skåler, servise og småmøblar. Det er for å bli meir berekraftige, seier Monica Breive. Den unike butikken har fått meir plass og betre plassering i sentrumsbygget på Evje.

Breive fortel at dei arbeider med å vise at gjenbruk er trendy.

– Mange har også mindre å rutte med nå, og difor er det fint å kunne handle meir brukt, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt bordet innerst i butikken sit Breive saman med Dreng Oddvar Helle og Linn Irene Bransdal som alle arbeider på Unik. Dreng Oddvar lagar dei populære tennbrikettane som butikken sel mykje av, og er også med på fleire køyreoppdrag til vaskeriet på Setpro.

– Eg leverer reine og hentar skitne moppar og matter. Me har det veldig greit på jobb her, seier Dreng Oddvar.

Dreng Oddvar Helle står klar for å ta hand om betalinga i kassa på Unik. Monica Breive til høgre.

Noko for ulike stilar

Arbeidsmiljøet er svært viktig på butikken. Det er god stemning og eit godt samarbeid mellom dei som arbeider der.

Linn Irene har arbeidd på Unik i over 5 år, og trivast med varierte arbeidsoppgåver. Ho er veldig glad i jul, så ofte er ho berre i gåveavdelinga og pakkar inn fine gåver på denne tida. Mange bestiller opp mange gåver til tilsette frå Unik.

– Eg er også ein del modell for ulike klede som kjem inn. Det er veldig gøy, for det er så mykje forskjellig ein får inn her. Eg opplever at det kan vere lettare å finne noko her som er din unike stil enn i ein vanleg butikk, seier Bransdal.

Unik har fått utvida bruktavdelinga i butikken, eit bevisst val for å satse meir berekraftig. Kundane finn litt av kvart på stativa.

Ei utvida bruktavdeling gjer at utvalet har blitt større, og difor er dei også interesserte i fleire donasjonar.

– Folk kan berre levere alt uansett, dei treng ikkje vaske det eller noko, det ordnar me. Det me ikkje får brukt her i butikken, leverer me vidare til Fretex, seier Breive.

–Eg har blitt veldig glad i å lage fine innpakningar til folk. Det er ei travel tid, men veldig moro, seier Linn Irene Bransdal.

Inkluderande arbeidsliv

Det er mange driftige hender i sving både med mottak, køyring, vask og stell av klede, produksjon av tennbrikkettar, og alt arbeidet i butikken med varepåfyll, sal og marknadsføring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når du handlar her, bidrar du til arbeidsinkludering, seier Breive.

Ho fortel at fleire bedrifter gjerne skulle tenkt meir på inkludering, og at det kan ha mange fordelar for dei bedriftene som gjer det.

– Andre bedrifter kan også legge meir til rette for arbeidsinkludering. Det vil vere økonomisk lurt både for bedriftene og ikkje minst for samfunnet.

Dreng Oddvar viser fram tennbrikettane i poser laga av gamle aviser som han er med på å lage på Setpro.

På Unik er det både VTA-tilsette, folk i språkpraksis og andre som arbeider.

– Me er ulike brikker i eit puslespel, der ingen av oss er like. Men saman så skapar me noko veldig bra, seier Breive og legg til:

– Me treng alle forventningar og ansvar for å føle oss viktige og kjenne på meistring i eit arbeid.