Daria har arbeidd som fargespesialist på frisørsalong i Kyiv i seks år, men skal snart i gang med å ta norsk svennebrev i frisørfaget. På Randi Salong har ho blitt tatt i mot med opne armar.

– Endeleg kan eg jobbe med kundar igjen

Praten går lett på norsk for ukrainske Daria Tymoshenko. Som utdanna colourist og bakgrunn som frisør i Ukraina, har ho lengta etter å kome tilbake til kundane i ein frisørsalong. – Det beste med jobben er å glede folk med ei stor forandring på bare nokre timar, seier ho.

Ho har alt blitt ein sentral del av kollegiet på Randi Salong på Evje. Med ein svært stabil stab der lengstverande har frisert på same stad i 37 år, og den ferskaste tilsette har jobba 8 år i salongen, er det ikkje så ofte det blir gjort nytilsetjingar.

Men den siste tida har kundane møtt eit nytt ansikt, og blitt kjent med ein engasjert fargespesialist frå Ukraina.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som utdanna colourist arbeidde eg ved ein frisørsalong i Kyiv i seks år. Der var eg uavhengig frisør og leigde frisørstol, fortel Daria Tymoshenko (30) på flytande norsk.

Daria og Carina sørger for at kundane får ei behageleg oppleving i frisørstolen. - Det gir meg mykje energi å hjelpe folk på ein kreativ måte, seier Daria.

Ho har hatt norskopplæring og tatt norskprøva etter at ho flykta frå krigen til Noreg. På Randi Salong starta ho så i språkpraksis, og er nå svært fornøgd med å kunne vere i arbeidstrening på salongen gjennom NAV. Målet hennar er likevel å bli fast tilsett, og bli ein permanent del av den livlege gjengen på frisørsalongen.

– Eg skal ta dei faga eg treng for å kunne gå opp til svenneprøve i Noreg, fortel Daria som rykker litt tilbake til start her i landet, sidan ho manglar den klyppefaglege bakgrunnen i utdanninga si.

Difor vil ho skaffe seg norsk frisørutdanning, og har alt planar for kor ho skal i læretida.

– Me vil gjerne tilby henne lærlingplass, seier Anne Berit Birkeland.

Tredje generasjon frisørar

Randi Salong har vore i sentrumsbygget på Evje sidan bygget opna i 1973, og systrene Gunn Emma og Anne Berit har trødd sine barnesko her. Det var mor deira, Randi Flateland som starta salongen som dei to frisørane i dag eig. Men også bestemor Anna dreiv frisørsalong heimanfrå. Frisørane er tredje generasjon i sitt yrke, og trivast med alle kundane dei møter.

– Eg hadde 30-årsjubileum i januar, fortel Gunn Emma.

– Eg klarer ikkje å følge med på det, men om du har vore her i 30 år, så har eg vore her i 37, svarer Anne Berit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne Berit Birkeland er eigar og dagleg leiar på Randi Salong, og har virka som frisør i 37 år. Ho er glad for nyrekrutteringa av Daria Tymoshenko i ein bransje der det kan vere vanskeleg å få tak i folk.

Fresh instagram

Anne Berit som er dagleg leiar på salongen fortel om ei initiativrik dame som tok kontakt med frisørsalongen for å høyre om mulegheitene for arbeid. I tillegg til CV og søknad, la Daria ved ein QR-kode til instagrammen sin der ho har mange bilete frå behandlingar ho har gjort.

– Eg var veldig nervøs, og synest det var litt flaut. Fleire av lærarane mine måtte lese gjennom søknaden, for eg ville ikkje at det skulle vere nokre feil, fortel Daria.

Det vart nokre nervepirrande veker før ho fekk positivt svar.

– Det har blitt ein veldig god match, og det var godt å få inn noko nytt sidan det er vanskeleg å få tak i frisørar. Daria er jo også kulare enn oss, og det gjer jo at me kan trekke til oss andre kundar, seier Anne Berit.

Det har også vore eit poeng å kunne hjelpe den ukrainske kundemassen som har auka på salongen.

– Det er ein stor fordel nå som me har mange ukrainske kundar. Mange av damene kjem frå storbyar og er opptekne av å vere fine på håret. Konsultasjonen kan vere kjempevanskeleg på eit anna språk, så då har Daria hjelpt mykje.

Daria har funne seg godt til rette blant kollegaene på Randi Salong. F.v. Gunn Emma Kjetså, Carina Bech Jahnsen, Daria, Rose Mari Bredesen og Anne Berit Birkeland.

Samarbeider om det kreative

I salongen går nemleg praten ofte mellom frisørane om kva som er beste løysingane for at kundane skal få det aller beste resultatet.

– Me snakkar mykje saman om ulike behandlingar, og tar ulike kurs for å lære nye ting. Ein er aldri ferdig utlært, og det er alltid noko som er spennande å jobbe med. seier Anne Berit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Daria fortel om eit svært kreativt yrke ho brenn for, der ho får brukt både fargekunnskap og gjer mange vurderingar om kva som gir best fargeresultat.

– Det beste med denne jobben er å glede folk med ei stor forandring på bare nokre timar. Ein kan veldig fort sjå store resultat, og eg elskar å hjelpe folk på den måten. Det gir meg mykje energi. Smilet til kunden etterpå - det er det som er det viktigaste.

Frisørane arbeider tett saman, og blir godt kjent med kvarandre. Samtalen går jamnt mellom frisørane for å kome fram til dei beste løysingane for kundane. Gunn Emma Kjetså (t.v.) og Daria.