Aud Anna Thorsland er ei av eldsjelene bak jolemessa. Her sit ho på butikken i Kyrkjebygd med loddboka og ei oversikt over gevinstar. Dei unge loddkjøparane er Elias Orthe (t.v.) og Sivert Austrud. (Foto: Tonje Kallhovd)

Etter to års pause: Jolemesse i Åseral bedehus

Like sidan 1978 har ei gruppe interesserte i Åseral halde jolemesse til inntekt for Misjonssambandet. Messa som før var på Lognavatn blir på det nye bedehuset i Åseral no førstkomande laurdag.

-Det er coronaomsyn som gjer at me har flytta messa til bedehuset i Kyrkjebygda denne gongen, fortel Julianne Tveit i komiteen som står bak arrangementet.

Dei har fått inn mange flotte gevinstar som gåver frå einskildpersonar og bedrifter. Banken sponsar arrangementet, og både keramikar og folk som driv med kunstmåling har ytt sitt til tiltaket. Litt handarbeid er det også sjølv om det ikkje er som i gamle dagar då nettopp sauming og strikking utgjorde hovudtyngda av gevinstane på ei slik messe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Risgraut denne gongen

Coronaen har gjort at det var pause i to år, men denne gongen kjem ein altså sterkare att med ei forenkla messe der tidlegare koldtbord på Lognavatn også er bytta ut med risgraut. Den kosten bør likevel passe godt i førjolstida, så det er venta mykje folk frå heile distriktet til jolemessa i Åseral. Det er alt selt mykje lodd på bøkene som er lagde ut fleire stader. På daglegvarebutikken i Kyrkjebygda vil Aud Thorsland vere med loddbøkene i dagane fram til sjølve jolemessa startar førstkomande laurdag kl. 15.