DUGNAD: - Det har blitt gjort mykje arbeid på den nye motorcrossbanen på Hornnes. Leiar Frank Uleberg seier dette ikkje hadde vore mogleg utan den store dugnadsinnsatsen.

Etterlengta tilbod i bygda

Stor dugnadsinnsats og ivrige medlemmer sørgar for ny motorcrossbane i Evje og Hornnes. – Fantastisk dugnadsånd har laga eit tilbod som det har vore tala om lenge, seier Frank Uleberg.

På Finnholane aust i Hornnes har den forholdsvis nystarta motorsportgruppa i Otra IL fått bygd ny bane for køyring av motorcross. Takka vere lokale entreprenørar og mykje dugnadsinnsats, kjem der eit nytt fritidstilbod for barn og unge i bygda.

Leiar av motorsportgruppa, Frank Uleberg fortel om arbeidet og aktiviteten i klubben som vart stifta for tre år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den spede starten var at nokon hadde oppretta ei facebookgruppe for dei som ønska tilbodet. Me blei etterkvart ein gjeng som ønska å jobbe mot det mål å få til ein klubb og bane, seier Uleberg.

I 2018 hadde dei møte der klubben vart formelt stifta, kor dei gjorde vedtak om å søke opptak i Otra IL.

– Me blei veldig godt mottatt der, og har fått utrulig mykje hjelp og støtte. Me har også jobba med lokalt næringsliv og fått mange sponsorar, slik at vi etterkvart kunne gå i gang med planarbeidet, held han fram.

MOTORCROSS: Terje Haugland (t.v.), Knut Uleberg, Jon Gunnar Uleberg og Geir Nøkland driv dugnad for å få alt på plass.

Området der banen ligg blei på 90-talet brukt som ein bane, men ble seinare lagt ned.

– Me kontakta grunneigar Øyvind Kjetså og spurde om å etablere bane igjen, og me fekk leigeavtale med han om området i 2019, seier Uleberg.

Ivrige entreprenørar

Uleberg fortel at det frå 2019 og fram til hausten 2021 har vore mykje fram og tilbake med planarbeidet. I oktober i 2021 var alt endeleg i orden. Då vart det sett i gang med rydding av tre og buskar.

– I november kom entreprenørane Dovland, Austenaa og RH Graving og Transport og la ned ein formidabel innsats. Dei har seinare blitt kjent som The Dream Team, og innsatsen deira har vore heilt enorm, seier han og fortel:

– Vinteren kom og me måtte vente på våren. I mai kom entreprenørane tilbake og me er der me er nå.

Artikkelen held fram under annonsen.

HOPP: - Det er ein moderne bane med ein god sand, som mange på Agder har sagt at dei gler seg til å kome å prøve, seier Uleberg.

Motorsportgruppa har også fått ein del støtte av sponsorar og Otra IL.

– I vår fekk me også pengar av Evje og Hornnes Sparebank, slik at me nå kan gjere dei innkjøpa me treng av materiell til diverse gjerder, og massar til depo og liknande. Me er svært takknemlege for alle som har vore med å bidrege, for dette hadde ikkje vore mulig utan. No er det berre små detaljar att, før ein kan få godkjenning av bana og starte treningar, held han fram.

Populær klubb

Motorsportgruppa har rundt 50 medlemmer, der 30 av dei køyrer aktivt. Det vil bli køyrd med syklar frå 50 til 450 kubikk på banen, men det er også planar om ein bane for dei minste.

– Det er ein fysisk og mentalt krevjande sport som er god trening. Det er også ein fin måte å oppleve meistring på. Dei minste kan køyre frå dei er seks år, med tilsyn frå vaksne, seier Uleberg.

Medlemmene køyrer stor sett med eigne syklar, men gruppa håpar etterkvart å skaffe nokre som dei kan låne ut til barn og unge som vil prøve seg.

Glenn Byremo og Ole Jakob Austenaa er to av dei som har laga banen på dugnad.

– Det er moro å sjå at ein kan få til noko på dugnad, og at det blir ordentleg. Det er bra for dei unge at det finst noko for alle, seier Byremo.

– Ja, ein må finne på noko til dei som ikkje går på ski eller spelar fotball, legg Austenaa til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er ikkje billig å drive dugnad med anleggsmaskinar for tida?

– Det går fint. Me klarar det godt, seier Austenaa.

ENTREPRENØRAR: Ole Jakob Austenaa og Glenn Byremo har jobba flittig med anleggsmaskinar på området.

Uleberg seier det lenge har vore tale om eit alternativ for unge som er interessert i motorsport.

– Dette er også eit fint alternativ til dei som driv med anna sport. For det er krevjande nok, og kan kombinerast med anna idrett på vinteren, seier Uleberg.

Møteplass og godt miljø

Dei legg også vekt på å gjere det fint rundt banen, og at det med tida skal bli ein samlingsplass for heile familien.

– Det blir lagt opp til to treningsdagar i veka, og ein laurdag i månaden fram til elgjakta. Me satsar på å skape eit miljø der heile familien kan kome å køyre og sjå på løp og trening. Det blir fine stiar rundt banen med godt innsyn, seier han.

TRIBUNE: Det som minnar mest om eit dommartårn er publikumstribune, der ein kan følgje løpet tett på dei som køyrer.

Banen er 960 meter lang, og skal vere spanande for både erfarne køyrarar og nybegynnarar.

– I fyrste omgang er banen godkjend som treningsbane, men ein kan arrangere løp i klubben. Etterkvart skal me få på plass ei startslette, noko ein må ha for å kunne arrangere løp. Underlaget her er heilt ideelt for denne banen. Sanden er ikkje for laus, og ikkje for fast. Lite stein og med ein god design. Dei naturgitte forholda som er utfordrande og spanande. Miljøet på Sørlandet har venta på denne banen, og gler seg til å kome og prøve den, seier Uleberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

HORNNES: Rett før ein kjem til Tveit i Hornnes ligg motorcrossbanen inne i skogen. Med god avstand til busetnad ligg forholda til rette for motordur og mykje aktivitet.