Setesdalens Kennel ved Rita og Terje Vasland har trena fram ei rekkje høgt premierte elghundar på garden sin i Evje og Hornnes. Dei har levert valpar til store delar av landet, og hundane deira har hevda seg i Nordisk landskamp i Finland. Rita Vasland med den tsjekkiske gjetarhunden Asta, og Terje Vasland med den grå elghunden Bob.

Setesdalens Kennel: Ettertrakta elghundar

Setesdalens Kennel markerer seg både nasjonalt og i Norden med høgt premierte elghundar.

Aust for Haugen i Evje og Hornnes har Rita og Terje Vasland bygd seg opp eit rennomé gjennom fleire år med høgt premierte elghundar. Setesdalens kennel har trent fram over ti jaktchampionat og avlar fram både grå elghund, svart elghund og i seinare tid også Chodsky, som er ein tsjekkisk gjetarhund og ein flink spor- og ettersøkshund.

Dei driv også Evje Hundepensjonat på garden, i tillegg til at Rita Vasland er profesjonell hundetrenar som arrangerer kurs og rettleiar eigarar som har hundar med åtferdsproblem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekteparet har drive med elghund i over tjue år, men det er dei siste seks åra dei har drive for fullt og bygd opp den premiesamlande kennelen.

14 DAGAR: Eit nytt kull har kome til ved kennelen som også er Evje Hundepensjonat.

Jakt og sporing

Å konkurrere på jaktprøver med elghund er ein tidkrevjande og møysommeleg prosess som krev mykje trening og oppfølging av hundane.

– Når ein skal teste ein elghund går ein saman med dommaren ein heil dag, og ein konkurrerer ikkje med ein annan hund. Då er det fleire kriterie som skal vurderast, som til dømes korleis den søker i terrenget, evne til å finne elg og fleire andre moment, seier Terje Vasland.

Det er visse standardar som krevst for å bli kåra til jaktchampionat, og hunden må få over ein gitt poengsum for å få tittelen.

Hundeoppdrettarane deltek også jamleg på utstillingar, i tillegg til at hundane er godkjende som ettersøkshund.

– Då viser dei at dei fungerer på fleire område. Som ettersøkshund må dei bestå ein blodsporprøve og ei fersksporprøve. Det gjeld særleg på søk etter vilt som har blitt påkøyrd, seier han.

PREMIESAMLING: Setesdalen Kennel har sanka premiar jamt og trutt gjennom åra.

Hjortejakt i band

I tillegg til grå elghund som nyttast som frittsøkande jakthund, har dei to eksemplar av svart elghund som er særleg populær til hjortejakt. Men kan også nyttast til reinsdyrjakt.

– Det blir brukt til jakt medan den er i band, og me har difor seld ein del av dei til Østerdalen der dei ikkje vågar å sleppe hunden i elgjakta på grunn av faren for ulv. Den blir også brukt mykje til hjortejakt her på Agder, sidan det har blitt meir av det i det siste, seier Terje Vasland.

Artikkelen held fram under annonsen.

På den 20 mål store innhegninga på garden har hundane romsleg boltreplass. Hundepensjonatet dei opna i 2016 tek imot andre hundar om sommaren og i feriar.

– Det vart full stopp under pandemien, då folk stort sett var heime med hundane sine. Då brukte me tida på oppdrett og trening av eigne hundar. Sidan har det teke seg opp igjen, men me har ikkje andre hundar her når det er valpekull som skal fram, seier Rita Vasland.

FRIOMRÅDE: I den 20 mål innegjerda uteområdet kan både hundar og valpar legge på sprang heile året. Rita Vasland med den 12 veker gamle Tsjekkiske gjetarhunden Asta. Terje Vasland med den 16 månader gamle elghunden Bob som er ein loband hannhund som snart skal på jaktprøve og som har gjort det godt på utstilling.

Årets oppdrettar i Noreg

Setesdalens kennel er ein av om lag fem-seks større oppdrettarar på Agder, men har markert seg både nasjonalt og i Nordisk med mange premiar og utmerkingar. I fjor vart det kåra til årets oppdrettar i Noreg. Det var eit resultat av høg premieringsgrad for avkommet til kennelen.

I tillegg har dei konkurrert i Nordisk landskamp i Finland som ein av fem norske deltakarar.

Akkurat no har dei to kull som har kome eller er på veg. Det er ventelister på å få kjøpe hund hjå Setesdalens kennel.

– Me er litt selektive for kven som me vel å selje hund til. Me er oppteken av at dei blir teken godt vare på og blir brukt til jakt. Me ser også helst at dei deltek på jaktprøver og utstilling. Ofte kan det vere ein barriere for folk som ikkje har vore der før, men me tilbyr å gje råd slik at hundeeigarar kan kome i gang og teste hunden på prøve, seier Terje Vasland.

Samstundes er elghundane også fine familiehundar når dei ikkje er på jakt.

– Dei er veldig sterke mentalt og har fint gemytt. Når eg konsulterer hundar som har åtferdsproblem, brukar eg mine eigne hundar i møte med desse. Då kan ein fort lese kva som er problemet basert på korleis dei reagerer på kvarandre, seier Rita Vasland.