–Det er ein kjempeflott stad å jobbe, seier Gideon Aung. Han kan markere 10 år på Europris. -Han må nok arbeide her i 10 år til, seier ein fornøgd butikksjef Tonje Kirkholm Skauen.

Europris har vore på Evje i 10 år

Europris Evje markerer 10-årsjubileum under handelsfesten Evjedagane i helga. Butikksjefen feirar med ekstra gode tilbod og gratis is til borna på laurdag.

Blir vêret dårleg, så kan butikksjefen søke ly i det nye tilbygget som er sett opp ved inngangen til butikken. Is til borna blir det uansett, og gode tilbod resten av veka under Evjedagane.

–Det blir jo ikkje så mykje aktivitetar ein kan gjere som andre år under Evjedagane, men me vil i alle fall tenke litt ekstra på ungane som skal få is, seier Tonje Kirkholm Skauen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho vart ny butikksjef på Europris i januar i fjor, rett før koronapandemien braut ut.

Gideon Aung saman med butikksjef Tonje Kirkholm Skauen utanfor det nye tilbygget på Europris. Der er det fylt opp med frodige blomar på sommarstid, og ved, sand og andre nyttige ting til vinteren.

Krevande tid

–Det har vore eit utfordrande år under korona, men kundane har følt at det har vore trygt å handle hos oss, seier Skauen.

Dei nye rutinane er nå godt innarbeidde, og det å tenke på godt smittevern har blitt ein del av kvardagen.

–Det har vore veldig viktig at kundane har kunne handle trygt hos oss, men også at dei tilsette har kunne halde seg friske, seier Skauen.

Dei har hatt hygienekontrollar fleire gonger det siste året, og fått toppscore kvar gong.

–Me har hatt ekstra vask av butikken, og det er noko eg trur me kjem til å halde fram med også etter pandemien, seier Skauen.

Einar Johan Hadland er eit kjent fjes på Europris, og har jobba der i åtte av dei ti åra butikken har vore på Verksmoen på Evje.

Folk er meir heime

–Me har merka godt at folk har vore meir heime, seier butikksjefen.

Difor blir også handlevanane blant kundane endra. Den siste tida har Europris gått tom for plantejord fleire gonger, noko som tyder på at mange vil få planta og gjort det triveleg i hagen på forsommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også blomar, hagereiskap, hagemøblar og anna som høyrer sommaren til, er populære handelsvarer hos 10-årsjubilanten på Verksmoen i desse dagar.