Evje sentrum har mykje av detaljhandelen i kommunen.

Evje har passert Lyngdal

Detaljhandelen i Evje og Hornnes har skyte fart dei siste fire åra. –Omsetninga i varehandel er langt over det innbyggjartalet skulle tilseie, sa Connie Barthold i kommunestyret.

Då Evjemoen næringspark orienterte kommunestyret i Evje og Hornnes, synte dagleg leiar Connie Barthold tala som fortel at omsetninga per innbyggjar har auka vesentleg sidan 2018.

Kommunen ligg godt over landsgjennomsnittet og gjennomsnittet på Agder. Dei siste åra har Evje også passert Lyngdal, som tradisjonelt har vore ein handelsstad med mykje handel per innbyggjar.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Omsetninga i varehandel i Evje og Hornnes er langt over det innbyggjartalet skulle tilseie. Turisme, hyttefolk og gjennomgangstrafikk bidreg godt til breidda i detaljhandelen, sa Barthold.