Den heldige kvinna trudde nesten ikkje sine eigne auge då ho skrapte fram tre like og vann 1 million kroner denne veka. Loddet var kjøpt på SPAR Blakstad.

Evje-kvinne vann 1 mill. kr. på Flax-lodd

Ei Evje-kvinne fekk seg ei gledeleg overrasking då ho kjøpte seg Flax-lodd på SPAR i Froland denne veka. Det viste seg å vere eit vinnarlodd med 1 million kroner i premie. –Jula var veldig bra, og starten på det nye året vart jo berre endå betre, seier vinnaren med eit stort smil.

Planen for storgevinsten har den ferske millionæren allereie lagt.

–Eg skal betale ned det siste på billånet. Så blir det ein ny salong og ny steikepanne. Resten blir ståande i banken til kjøp av leilegheit i Tyrkia ein dag, seier ho.