Feilinformerte om korona

Tysdag i denne veka feilinformerte ein person om korona-smitte, noko som førte til store konsekvensar for helsetenesta i Bygland og Evje og Hornnes.

– Det som skjedde var at ein person tilhøyrande ein av dei to kommunane eg er kommueoverlege i informerte ein del menneske i Evje-området om at vedkomande var smitta av korona. Det var ikkje tilfelle, men feilinformasjonen skapte mykje arbeid for oss, seier kommuneoverlege i Bygland og Evje og Hornnes, Åsulv Horverak.

Han ynskjer ikkje å meine noko om personen feilinformerte med vilje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Konsekvensen vart i alle fall at mange menneske i vedkomande sitt kontaktnett vart engstelege og det førte til mykje ekstraarbeid for helsetenesta, seier Horverak.

– Må vere 100% sikker

Horverak strekar under at kommuneoverlegen i utgangspunktet er den første som får vite det om ein korona-test kjem tilbake med positivt svar.

– Det er heilt avgjerande at ingen fortel om smitte så lenge ein ikkje er 100% sikker. Me må ikkje skape panikk eller problem når det bare vil gjere arbeidet vårt endå vanskelegare. Det er slett ikkje slik at alle som sit i karantene eller ventar på prøvesvar er smitta. La oss som er oppe i dette ta oss av informasjonsarbeidet, seier Åsulv Horverak til Setesdølen.