Kristina Merete Støvik på Moisund feira med marsipankake då ho fekk støtte og anerkjenning frå Innovasjon Norge. Ho fekk 750.000 kr til Kvinneportalen som rettleier kvinner til å få eit betre seksualliv. Ho får også ein mentor som skal kunne følgje opp den ferske gründeren som har laga den første nettportalen i sitt slag her i landet. –Det er litt overveldande! Og det er rart å tenke på at det er dette eg skal drive med kvar dag, seier ho. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Feira suksess for Kvinneportalen

–Eg har blitt fortalt at det ikkje er vanleg å få så mange medlemer så kort etter oppstart, seier ei fornøgd Kristina Merete Støvik på Moisund. Etter at ho opna Kvinneportalen for påmelding i september, har det vist seg eit stort behov for tilbodet ho har lansert.

Kristina Merete har bakgrunn som barnevernspedagog, utdanning innan psykisk helse og rus, ho er mindfulnesslærar, sexolog og yogainstruktør.

I Kvinneportalen bruker ho utdanninga og erfaringa si, og ho sparrar med eit team av psykologspesialistar og legar for å hjelpe og rettleie kvinner til å få eit betre seksualliv. Det lukka fellesskapet er medlemsbasert. Gjennom abonnementet får kvinnene ressursar, støtte og konkrete oppgåver å arbeide med for å kjenne seg sjølvsikre og tilfredse i eigen kropp.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Det er eit lågterskeltilbod og ei hjelp til sjølvhjelp. Fellesskapet er kjempefint, der kan ein gje slepp på følelsen av å vere aleine eller unormal. Me er igrunn ganske så like, med eit felles mål om å stå støtt og trygt i seksualiteten vår. Ein kan også vere heilt anonym dersom ein ynskjer det, forklarer Kristina Merete.

Gründerlivet

–80 kvinner meldte seg på i løpet av ei veke, seier Kristina Merete.

Med sitt beskjedne vesen uttrykker ho takknemlegheit til Innovasjon Norge for å få 750.000 kroner i støtte til det som har blitt hennar viktige, personlege prosjekt.

Eit år sette ho av til å jobbe med kvinner gjennom Kvinneportalen, men alt nå ser det ut til å kunne bli eit meir varig prosjekt. Nyleg feira ho støtta med marsipankake saman med mor som også er delaktig.

–Eg føler meg ikkje som ein gründer, men er klar til å lære av dei som har gått vegen før meg for å kunne nå ut og hjelpe endå fleire, seier Støvik.

Ho er blitt del av gründerfelleskapet CoWorx i Kristiansand, og er i ferd med å lære seg mykje nytt om det å drive for seg sjølv.

For oppstarten av Kvinneportalen kom ikkje ut av eit ønske om å starte opp for seg sjølv. Ho jobba mykje med sin eigen seksualitet, og fann ikkje det ho trengte på vegen. Ho forstod at det var eit mangelfullt tilbod på dette området, og opplevde at ho ikkje hadde noko val.

Ønsket hennar er at alle kvinner skal få kjenne på gleda av å ha eit godt seksualliv, uavhengig av kva som eventuelt har vore.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ann Kristin Davidsen og Kristina Merete Støvik er mor og dotter, naboar på Mosiund og nå også i samarbeid om innhaldet i Kristina Merete sitt prosjekt, Kvinneportalen. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Den gløymde kvinnehelsa

Også mor hennar, Ann Kristin Davidsen har ein bolk i programmet i Kvinneportalen. Med hennar erfaringar med omsorgssvikt og overgrep, er ho ei viktig stemme som kan gje andre kvinner hjelp til å handtere traumene som kan gjere livet og intime relasjonar vanskelege i etterkant.

– I dag er det for lite oppfølging og rettleiing å få i møte med si seksuelle helse for oss med ein bakgrunn som den eg har. Dette er ein av fleire ting Kristina gjer noko med, seier Ann Kristin Davidsen.

Kvinneportalen er for alle kvinner uansett alder, bakgrunn og erfaringar. Responsen Kristina Merete har fått til nå, vitnar om eit tilbod som har vore etterlengta hos mange.

–Det er veldig gøy å få så mange positive tilbakemeldingar, seier ho og blar gjennom og les litt frå meldingar ho har fått.

Lita bygd

–Eg var litt bekymra for korleis dette kom til å bli for Kristina på ein liten stad. Men når eg har sett det ho har laga i Kvinneportalen, er eg klar i mi sak. Dette tilbodet er det behov for, og eg er så imponert over den klokskapen og kunnskapen ho viser i møte med dette tema. Ikkje minst korleis ho legg det fram på ein så fin og annleis måte enn noko anna eg har sett, seier Ann Kristin.

Ho meiner støtta frå Innovasjon Norge er nok eit bevis på at det Kristina Merete driv med er viktig.

–På 60-talet tenkte jo folk at det var noko gale med dei som jogga, og ein såg heller ikkje at mat kunne påverke helsa vår. Seinare har mental helse fått meir fokus i samfunnet, og det neste trur eg er eit meir naturleg forhold til seksualitet. Me vil sjå tilbake og smile over kor redde me var for å snakke om dette temaet, seier Kristina Merete.

Bryte barrierer

Ho fortel at openheita ho viser i sosiale medie berre er ein liten del av det å bryte barrierene ho meiner finst i dag, mellom anna frykt for å vere annleis, frykt for å vere synleg og frykt for å snakke opent om seksualitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Kvinneportalen er eit lukka forum medlemmene får tilgang til via nettside og app. Djupt, men lett og forståeleg innhald, litt i motsetnad til instagram som viser ei meir barnleg og leiken side, seier ho.

Det som starta som ei personleg reise, har blitt til Kvinneportalen som er det fyrste tilbodet i sitt slag i landet.

Starta opp og drive på Moisund i Evje og Hornnes.