Fekk det gilde sertifikatet
Under møtet i Setesdal interkommunal politisk råd (SIPR) i Valle onsdag 17. april fekk Unesco-kommunane Bykle, Valle og Bygland det formelle sertifikatet som stadfestar statusen folkemusikk og dans har fått som immateriell verdskulturarv.
Leiar i Setesdal Spelemannslag, Astri Rysstad, delte ut sertifikata. Ho hadde beint og greitt med seg to ekstra sertifikat, slik at både Åseral og Evje og Hornnes også skulle få noko å henge på veggen. Indirekte reklame for Unesco-kommunane kanskje, og ein fin kuriositet, som ho sjølv kalla det.
Landskappleik på Hovden
Rysstad var elles til stades for å orientere om prosjektet som skal ende i gjennomføringa av Landskappleiken på Hovden i 2026. Eit enormt arrangement, og Rysstad la ikkje skjul på at det kom til å kome inn søknader om støtte, også til SIPR.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Budsjettet er på fem-seks mill. kr., sa ho.
Kraft og Setpro
SIPR gjekk elles gjennom ei heil rekke saker i løpet av onsdagen. Det vart vedteke å auke løyvinga til Visit Setesdal med 200.000 kr. Bakgrunnen var ein søknad frå Hotellnettverket. Setpro og Brynje-prosjektet møtte opp for å orientere, og potensiell auke i kraftproduksjonen i Setesdal i åra som kjem vart drøfta.
Skal rullere handlingsplanen – vil kunne måle resultata
Det vart også bestemt at handlingsplanen for SIPR skal rullerast. Arbeidsutvalet og administrasjonen skal kome fram til forslag til prosess for evaluering av strategi og handlingsplan på styremøtet 12. juni.
Styret vedtok at ein etablerer ei arbeidsgruppe som skal jobbe med rullering av handlingsplanen. I arbeidsgruppa skal arbeidsutvalet sitte saman med administrasjonen. Det kom klåre signal om at ein ynskjer ein handlingsplan med mål som er målbare, slik at ein kan sjå om ein oppnår dei resultata ein vil.