Sju flotte humanistiske konfirmantar på Evjemoen laurdag 27. april saman med Jan Erik Johannessen frå Humanetisk Forbund som hadde arrangementet. Ungdommane er frå venstre: Live Monrad, Solfrid Fauske Langfeldt, Nora Brattfjord Eriksen, Selma Jacob Granheim, Kari Tøsse Øyulvstad, Henny Hjertholm og Lydia Berg Ramse.

Festdag for sju ungdommar

– Dei var ikkje så mange, men ein meir hyggeleg gjeng skal du leite lenge etter, seier Jan Erik Johannessen som hadde ansvaret for humanistisk konfirmasjon i Evjemoen Kino og Scene laurdag 27. april.

Det vart ein minnerik dag for dei sju ungdomane som stilte festpynta til den høgtidlege seremonien med eit variert og innhaldsrikt program. Dei kom frå heile distriktet og har vore gjennom kursing der kritisk og sjølvstendig tenking og etisk handling er stikkord. Ansvar og refleksjon om opplevingar og verdiar har stått sentralt i samtalane.