Fjordingar på riksveg 9
Folk snudde seg litt forundra på riksveg 9 på Bygland då eit par vestlandshestar kom ruslande, tilsynelatande utan førar.
Bilistane sakka litt av på tempoet, men hestane gjekk i passeleg tempo sørover til avkøyrsla mot Byglandsheimen. Der fann dei seg ein grøn grasflekk. Meir skulle det ikkje til før dei slo seg til ro heilt til ein eller annan frå hestelinja på den vidaregåande skulen KVS Bygland dukka opp.
I mellomtida var hestane ei idyllisk oppleving for både fastbuande og forbipasserande.
Artikkelen held fram under annonsen.