Fleire tilfelle av stadfesta korona-smitte i Setesdal

Både i Bykle, Bygland og Evje og Hornnes er det no stadfesta tilfelle av korona-smitta menneske.

For to dagar sida kom det melding om ein korona-smitta person øvst i dalen. No er det klart at to personar i Bygland og ein i Evje og Hornnes også har fått påvist viruset Covid-19.

Smitta utanlands

Dei tre som no er stadfesta smitta har alle vore i utsette korona-område i utandet. Alle tre er no tekne hand om og sit i heimekarantene. Personar som har vore i kontakt med dei smitta er å så stor grad som råd varsla og sette i heimekarantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kommunane øvst i dalen ber folk om ikkje å dra i «hytte-karantene»