På Fargerike Evje hjelper dei kundane med spesialtilpassa solskjerming i hus og hytter. Med ei ny og utvida avdeling er det nå muleg å få sjå alle tenkelege løysingar som er å få tak i, og eit stort utval av materiale, stoff og fargar. –Folk har fått endå større interesse for interiør, seier Olaug Liestøl. –Og då er det veldig gøy å kunne hjelpe kundane med å få til ei heilheit i rommet, seier Nadia Qvam Håkonsen.

–Folk blir berre meir og meir opptatt av interiør

–Nå har me mykje meir å vise fram enn før, seier Olaug Liestøl på Fargerike Evje. Ho står midt i den nyleg utvida avdelinga for innandørs solskjerming, og gler seg over å kunne setje saman spesialtilpassa løysingar for kundane.

–I veldig mange nye hus i dag er det spesielle vindauge, og då kan me tilpasse solskjerminga heilt etter mål, fortel Nadia Qvam Håkonsen.

Når vårsola kjennest varmare og varmare for kvar dag, blir det meir å gjere i den nye avdelinga på Fargerike.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Det handlar om å skjerme for innsyn, men også for varmen og sola som me merker meir til nå, seier Olaug Liestøl.

Då kan ulike typar lamellgardiner, plisségardiner og stoffgardiner vere aktuelle.

–Det er enormt mykje å velje i nå. Me har også mykje meir av det som er motorisert i dag, seier Liestøl.

Tar mål og monterer

Vanlegvis tilbyr dei seg å reise på heimebesøk for å ta mål til spesialbestillingane. Dei hjelper også med montering dersom kundane ønskjer det, men understrekar at det meste går veldig greitt å montere sjølv.

Men det er ikkje berre den reint praktiske funksjonen med solskjerming som er viktig for folk i dag. På Fargerike har dei merka godt det siste året at folk er opptatt av å gjere det fint rundt seg. Interiørinteressa har auka i takt med meir tid heime for dei aller fleste. Då høyrer også materialval og fargeval på gardiner og solskjerming i huset naturleg med.

Olaug Liestøl viser kundane ulike typar lamellgardiner, plisségardiner og stoffgardiner som går an å velje i. –Det er enormt mykje forskjellig, så ein kan få bestilt noko for einkvar smak og heilt etter mål, seier Olaug Liestøl på Fargerike Evje.

Hotellfølelse

–I dag skal mange ha gardiner som heng frå taket, fortel Liestøl.

Dette gjer at ein får eit litt meir eksklusivt preg i stova eller på soverommet.

–Det er mange som ønskjer seg den hotellfølelsen heime, legg Håkonsen til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to damene hjelper gjerne til med tips og råd til kva som kan passe fint saman anten heime eller på hytta.

–Me har fokus på å sy saman ei pakke som kunden kan bli fornøgd med. Då kan me kome med forslag til både golv, gardiner og måling sett i samanheng med kvarandre, noko som er veldig lurt for sluttresultatet, seier Håkonsen.

Dei opplever at det er ein tøff bransje med mykje konkurranse også på Evje, men har opplevd generell vekst det siste året.

–Den nye Panduro-avdelinga vår kom same dagen som skulane stengte i fjor, fortel Nilsen.

Hobbyavdelinga vart difor raskt populær når alle måtte vere mykje meir heime.

Når samfunnet opnar

–Men me kjem nok til å merke det når samfunnet opnar litt meir opp att, og folk får reise. Då blir det nok mindre folk vil gjere heime, seier Håkonsen.

Enn så lenge er det mange som etterspør både solskjerming, golv og måling i delikate fargar til huset og hytta for å gjere det fint inne.

Og dei to blide damene på Fargerike hjelper meir enn gjerne med gode løysingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

–I veldig mange nye hus i dag er det spesielle vindauge, og då kan me tilpasse solskjerminga heilt etter mål, fortel Nadia Qvam Håkonsen.