Forsvaret blir verande på Evje!

-Forsvaret vil ha behov for skyte- og øvingsfelt på Evjemoen i mange år framover fordi kapasiteten på andre anlegg i Sør-Noreg er sprengt, sa ordførar Svein Arne Haugen på kommunestyremøtet i Evje og Hornnes nyleg.

Han refererte til møte i departementet dagen før der det vart opplyst at Forsvaret i Sør-Noreg skal styrkjast med meir øvingar enn i dag.

-Difor må ein rekne med at bruken av øvings- og skytebanen på Evjemoen ikkje blir redusert i framtida, men heller utvida. Uansett var det ei viktig avklaring, sa ordføraren.

Til lyden frå HV-soldatar frå Agder og Rogaland som dundra og skaut på skytebanane nokre hundre meter unna fortalde han dei folkevalde om reisa han og ein delegasjon frå Evje hadde hatt til Oslo og Forsvarsdepartementet dagen før.

Med på turen var også varaordførar Finn Bjørn Rørvik, H, kommunedirektør Franz A. Nilsen og frå opposisjonen Morten Haraldstad, KrF.

Treng alt dei har

I hovudstaden fekk dei vite at For-svaret treng øvings- og skytefelt så langt framover som det er råd å sjå.

-Spørsmålet er vel heller kva kompensasjon me kan få i form av leigeinntekter, arbeidsplassar og at dei kjøper lokale tenester, sa ordførar Svein Arne Haugen.

Han meinte å ha fått eit visst gehør for dette sistnemnde kravet, men understreka at det er ein jobb å gjere for å påverke politikarane.

Vedtak i juni

Det er Stortinget som skal vedta Langtidsplanen for Forsvaret i juni i år. Forslaget frå departementet skal vere klart i april, så det er inga tid å miste, meinte ordføraren.

Han oppmoda folk i alle parti til å ta kontakt med sine om framtidig bruk av Evjemoen leir og skyte- og øvingsfeltet. Det har som kjent vore knytta støyulemper frå Forsvaret til reguleringssaker i Evje sentrum. På Evje-møtet i departementet nyleg var det også med representantar for

eigedomsforvaltning i tillegg til fagmilitære og folk frå den politiske leiinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fordelar og ulemper

Kommunen hadde bede om ei avklaring, men også kome med ønske om ei balansering av fordelar og ulemper ved arealbruken.

-Manøverretten er ei ulempe med støy og forurensing, og det bør kompenserast, sa ordføraren då han refererte kommunen sine krav. Han hadde inntrykk av at det også blant byråkratane på møtet var vilje til å finne tiltak som kan avgrense ulempene.

-Me snakka med embetsverket. No må me alle legge politisk press på våre partifeller for å få meir att for desse ulempene, f.eks. ved at Forsvarsdepartementet hadde lokalisert tenester og arbeidsplassar til distriktet vårt, sa Morten Haraldstad, KrF i debatten i kommunestyret.

-Dette er det tredje møtet eg har vore med på i departementet, men det var det klart beste med ein god atmosfære, sa varaordførar Finn Bjørn Rørvik, H. Han viste til at Evje og Hornnes ønskjer HV-leiinga lagt hit no når Kjevik blir avvikla.

-Det var dei lydhøre for, sa han.